I tillegg til 28 delstatar på fastlandet, har India også herredøme over 2 øygrupper, Andaman og Nicobarøyane i Bengalbukta aust for Sri Lanka, samt Lakshadweep som er nokre koralløyar i Det arabiske hav vest for det indiske fastlandet. Desse øygruppene ligg administrativt direkte under sentralregjeringa i Dehli. Det gjer også 5 enklavar i 5 ulike delstatar. I vårt bøneopplegg er desse medrekna under den delstaten som omgjev dei. Til saman utgjer desse 7 sentralsyrte områda The Seven Union Territories (som på dårleg norsk vert: dei sju einskaplege territoria).
Her konsentrerer me altså om øygruppene. Når det gjeld Andaman og Nicobarøyane er 20% av befolkninga på vel 436000, kristne. Ser me imidlertid på urbefolkninga (som ikkje er etniske indarar), er 90% av dei kristne. 68% av befolkninga er hinduar og 8% muslimar. Dei fleste av dei 300 folkegruppene må reknast som unådde. Andaman og Nicobarøyane vart kraftig råka av tsunamien i 2004. Øydeleggingane var enorme.
Dei vel 73000 menneska som bur i Lakshadweep er nesten 100% hengjevne muslimar og fullstendig unådde med evangeliet. Kristen misjon er både uønska og uloveleg på øyane.
Bøn:
Herre Jesus, du er døra, og ingen dørar er stengde for deg. Der du opnar, kan ingen stenga. Me ber deg om at du skal senda arbeidarar ut til din haust på Lakshadweepøyane og opna alle dørar som er naudsynte. Må Bibelen bli gjort tilgjengeleg for menneska der, og bodkapen om Jesu død og oppstode begynna å eta seg inn i sinna deira. Må namnet ditt helgast, riket ditt koma og viljen din bryta gjennom hos dei i ditt namn, og me ber om at all den kraft som Gospel for Asia legg ned i å nå dei unådde på Andanam og Nicobarøyane skal bera rike frukter både der og i andre land. Amen!
På desse øygruppene er det mange idyllar |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar