Dei fleste japanarane hentar livssynet og verdiane sine frå buddhismen og shintoismen, samstunds som dei er veldig sekulære i sin måte å leva på. Mange praktiserer ein eller annan form for fedredyrking. 1,5% av befolkninga er aktive kristne, men stadig fleire syner ei opning haldning overfor den kristne trua. 3% seier om seg seg sjølv at dei har ein kristen identitet, og 10% svarer ja på sprøsmålet om dei trur at dei ein gong kan koma til å bli kristne. Dette er eit resultat av mange års trufast misjonsinnsats frå mange selskap i dette landet.
Gode Far! Din kjærleik til japanarane og kulkturen deira er uovertruffen. Du set dei så uendeleg høgt, og gjennom Jesu død forsonte du dei med deg sjølv. Må sanninga i evangeliet råka hjarto deira på djupet, avsløra den synda som er i ferd med å føra dei inn i det evige mørkret slik at dei legg henne ned ved Kristi kross og opplever tilgjeving og nytt liv i Han. Reis opp kyrkja di i Japan til å representera deg på ein god måte i denne stolte kulturen, og utrust henne for den vekkinga du har planlagt for Japan, og me ber om at japanarane skal ta eit åndeleg leiarskap i Asia. Amen.
Fujifjellet er eit velkjent landemerke i Japan

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar