fredag 18. juli 2014

Irak

Kart over الجمهورية العراقيةAj-Jumhuriyah Al-'Iraqiyah كۆماری عێراقKomara Iraqê

Irak er eit land i oppløysing. Lidingane har i mange tiår vore ubeskrivelege. Det vil ingen ende ta. Etter ISIL`s store framgang dei siste vekene, er Irak delt i to, eitt sunnimuslimsk og eitt shiamuslimsk område. Hatet mellom sunni og shia er enormt, og ikkje lett for  å forstå for oss uinnvigde, men det er ein mektig motivasjon til å gå til krig i Allahs namn. Allah blir i det store og heile oppfatta som ein gud som favoriserer hatet, og akkurat  det er eit kardinalproblem i dagens verd. Vanskeleg å sjå kor dette vil enda. Av dei nesten 32 millionar menneske som bur i landet, var det i 2011 1,6% kristne. I dag er det færre. Hundretusenvis har flykta frå bomber, drap, terror, krig og forfølging. Midt i dette står den anglikanske presten Andrew Canon White (bilde under)  som ei bæresøyle for Guds kyrkje i Bagdad. Få andre pastorar har opplevd å få 1500 av medlemmene sine drepne. White kan reisa kor han vil, men han blir hos folket sitt.


    
Kjære gode Jesus! Mørkret er så tett i Irak. Hatet så øydeleggande. Må ditt lys trenga gjennom til menneska. Kyrkja di er lutra. Må den resten som er att vera berarar av din herlegdom, og bringa håp til menneske som har mista trua på det meste.  Gje landet eit stabilt og demokratisk styresett, og stopp islamistane sin frammarsj i landet. Herre, alt ditt starta i det gamle Mesopotamia. Her openberra du deg for Abraham og her gav du Esekiel og Daniel mektige openberringar. Må du enno ein gong bygga ditt rike på ruinanen av menneska sitt rike. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...