Uttar Pradesh er med sine 202 millionar menneske den mest folkerike i India. Her bur folk tett, over 800 per kv.km. Staten femner store deler av Gangessletta, og som før nemnt, dette er jordas minst evangeliserte område. 81% er hinduar, 18,5% muslimar og berre 0,3 % kristne. Det åndelege mørkre er så tett i denne staten at det må mobiliserast til mykje bøn med tanke på at Guds lys skal trenga gjennom til folk. Dei menneskelege behova i denne staten er umåtelege. Svolt, infeksjonssjukdomar (m.a. rikeleg med polio), elendig helsestell, forureining, underernæring, feilernæring, you name it. I tillegg er dei politiske leiarane korrupte, ansvarslause og heilt elendige. Også i Uttar Pradesh har det vore sterk vekst mellom dalitane, men også utbrot av forfølgingar. Eit kjent mønster.
Bøn:
Gode Jesus, du som er Herre over himmel og jord. Dei aller, aller fleste i Uttar Pradesh har aldri høyrt namnet ditt. Dei veit ingenting om ditt frelsesverk, og lever i stummande mørkre. Må ditt lys trenga gjennom til dei, opplysa dei og føra dei heim til Gud. Me ber om at kvar enkelt kristen skal bli disippelgjort, grunnfesta og fylt med Andens kraft og nåde. Gjer dei til dine uimotståelege vitner som modig deler evangeliet med folk, lækjer sjudomane deira og frir dei frå demonane som har innteke dei. Må din kjærleik lysa ut frå kyrkja di slik at nytt liv blir født overalt der dei kristne bevegar seg. Gjer dei kloke som slangar og enkle som duer, og gjer dei fryktlause for deg. Amen!
I Uttar pradesh, som over alt i India, er det store tempelkompleks der indarar tilber tomheit. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar