torsdag 31. juli 2014

Alimujiang Yimiti


Pastor Alimujiang Yimiti er uighur. Han vart arrestert i februar 2008 fordi kinesiske styresmakter meiner han er ein tryggleiksrisiko, og fordi han har hatt kontakt med framanda makter. Harn er dømt til 15 år i fengsel. Kona Gulinuer og dei to barna deira får besøka har 15 minuttar annankvar månad.
Alimujiang er pastor for dei ytterst få kristne uighurar som lever i Xinjiangprovinsen nordvest  i Kina. Uighurane er eit tyrkisk folkeslag. Dei tel 10 millionar menneske, og det store gross er muslimar. Berre 50 er kristne. Det har vore mykje opprør mot styresmaktene mellom uighurane, men det føreligg ingen prov for at Alimujiang har teke del i slikt. Kombinasjonen uighur/kristen leiar er god nok grunn for kinesarane til å fengsla folk.
Den siste rapporten frå Gulinuer er at Alimujiang er blitt veldig tynn og bleik, men at trua hans er sunn og frisk. 
Meir info finn du på http://www.prisoneralert.com/pprofiles/vp_prisoner_185_profile.html
Der kan du også få rettleiing for korleis du kan skriva eit oppmuntringsbrev til Alimujiang.

Gode Far! Takk at du er saman med Alimujiang i fengslet, og at du også forsørger Guliuner og barna deira. Du ser all naud og trengsle, og tek det i di hand. I dag vil me enno ein gong be og rettferd og fridom for Alimujiang og hans familie. Høyr vår bøn og grip mektig inn, i Jesu namn. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...