Pastorane Yat Michael og Peter Yen
kan bli dømde til døden i Sudan. Dei vart arresterte tidlegar i vår klaga for undergraving av grunnlova og for spionasje. Pastorane har vore gjennom fem rettshøyringar. Den siste 2.juli. Då bestemte dommaren at det var grunnlag for å gå vidare med saka, sjølv om forsavarsadvokaten deira meiner at det ikkje finst det minste fnugg av prov mot dei to kristne leiarane. Neste rettshøyring vert 14.juli. Dei to sit no innesperra i eit høgtryggleiksfengsel i Khartoum. Dette melder Morning Stars News.
Be om
- vern for Yat Michael og Peter Yens liv.
- at Guds kraft skal vera over dei og Guds fred i dei.
- at alle løgner mot dei skal bli avslørte under rettsforhandlingane
- styrke og underhadl for familiane deira
- visdom til forsvarsadvokaten deira
- stor nåde over Khartoum Bahri Evangelical Church
I Sudan er det 2,6 millionar kristne av ein befolkning på 35,7 mill. 1,9 mill av dei kristne er evangelikale. Landet er strengt muslimsk, og forfølginga av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det som skjer med desse to pastorane må sjåast i lys av dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar