fredag 25. oktober 2019

Åtte kyrkjeleiarar i Sudan tiltalte for ulovleg bruk av kyrkjeeigedomar som staten har konfiskert (les: stole)


Åtte sudanesiske kyrkjeleiarar står tiltalte for å bryta ei lov som overfører alle kyrkjelege eigedomar til staten. Dei vart arresterte i 2017 då dei nekta å gå med på at kyrkjebygga berre kunne konfiskerast (stelast) av styresmaktene gjennom ei ny lov som bryt alle andre anstendige lover om rett til eigedom. No er desse mennene til overmål tiltalte for ulovleg okkupasjon av andres eigedom.

Den sudanesiske Kristkyrkja, som desse mennene er leiarar for, er i hovudsak nubisk. Sudan er styrt av arabiske folk, og det er eit element av etnisk diskriminering i denne saka.
Sudan er for tida inne i store endringar reint politisk Den mangeårige diktatoren Omar al Bashir vart avsett i vår, og det kan vera grunn til å tru at dette vil føra til auka religionsfridom i landet.

Herre, me ber om at denne saka skal enda godt, at retten skal avvisa klagemåla mot desse åtte kyrkjeleiarane, og at den to år gamle lova vert reversert og annulert.
Styrk desse mennene mektig med din Ande slik at dei står faste i trua, og kan møta klagemåla med uimotståeleg visdom.
Må evangeliet ha framgang i Sudan, og me ber om at dette landet skal få eit demokratisk og menneskevenleg styresett. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...