Viser innlegg med etiketten bedawiyet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bedawiyet. Vis alle innlegg

tirsdag 3. februar 2015

Dagens unådde: Bejafolket i Egypt

Bejafolket, som er ei grein  av den langt større folkegruppa Bedawi, vart kristna på 500-talet, men gjekk over til islam rundt år 1000. I dag er dei sufistar (sufi er ei mystisk grein av islam). Trua deira er imidlertid svært utvatna, og ho har sterke okkulte element i seg. M.a. driv dei med svart magi mot fiendane sine. Dei fleste bedawiane lever i Sudan (2,5 millionar), men 82000 bejaar lever i øvre Egypt. Nokre få er kristne. Dei snakkar sitt eige språk som kallast bedawivet.Deler av Bibelen er omsett til bedawivet. Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Jesus!
Du gav livet ditt for bejafolket i Egypt, bar syndene deira oppå krossen og tok dei bort med ditt blod. Må evangeliet bli forkynt dei på ein slik måte at det grip dei i djupet av hjarta, og kan erfara frelsesunderet i liva sine. Me ber om at det skal veksa fram ei sterk bejakyrkje, eit fellesskap prega av Andens kraft og nærvær, ein by plassert på eit høgt fjell, ein tilfluktsplass for syndarar på ville vegar i denne regionen av Afrika. Amen! 


Beja, Bedawi in Egypt


tirsdag 14. oktober 2014

Bejafolket i Sudan




Bejafolket er nomadar, og fartar over sletteneDei elskar den fridomen dette livet gjev dei. Dei er ikkje så mange, berre 35000 menneske, men dei er like høgt elska av Gud som alle oss andre, og dei har same retten på Guds herlege evanglium som me har. Bejafolket er muslimar, som nesten alle andre i Sudan, og dei er, som nomadar flest, heilt eller delvis unådde med evangeliet. Dei har sitt eige språk, Bedawiyet, og deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket. På 500-talet var Bejaane kristne. Men det var mest i namnet. Då islamske erobrarar kom veltande over dei, forlet dei Kristus til fordel for Mohammed. Trua deira er forøvrig veldig miksa saman med folketru, og dei er veldig redde for jinnar, vonde ånder som dei opplever plagsame i kvardagen.

Kjære Herre Jesus! Send Den heilage ande og ditt dyrebare ord til bejafolket og fri dei både frå synda, døden og djevelens makt. Læk sjukdomane deira og frels sjelene deira. Må¨din fullkomne kjærleik driva frykten ut av dei, og fyll sinnet dei med ditt lys. Må bejafolket ta godt bare på barna sine og lat dei få skikkeleg skulegang og utdanning med tanke på å kunna møta den nye tids utfordringar på ein god måte. Velsign dei og gjer alle ting nye for dei. Amen!

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...