Morning Star News melder at Telahoon Nagose Kassa som er leiar for ein kristen disippelskule driven av Khartoum Bahri Evangelical Church vart sett fri etter 5 månader i fengsel utan tiltale. Det er heller ikkje gjeve nokon grunn for frigjevinga.
I Sudan bur det omlag 40 millionar menneske. 97% er muslimar. 1,5% er kristne og 1,5% dyrkar etniske religionar.
Gjennom mange år har kristne vore forfølgde i Sudan. Etter at Sør-Sudan erklærte sjølvstende for eit par år sidan, har problema for kristne i Sudan auka på.
Takk Gud for at Telahoon har fått fridomen attende.
Be også om fridom for Hassan Abdelrahim Tawor, som vart arrestert omtrent samstundes med Telahoon.
Be om at kyrkja i Sudan, midt i trengslene, skal vera ei sigrande kyrkje.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar