mandag 10. november 2025

Sør- Sudan

 

Kart: Britannica

Sør-Sudan vart etablert 9.juli 2011, og er verdas yngste nasjon, og kanskje også den fattigaste. Hovudstad: Juba. Nasjonen vart fødd som eit resultat av mange års krig for sjølvstende frå Sudan og regimet i Khartoum, men har sidan 2013 vore til dei grader prega av borgarkrig. Dette er i stor grad ein etnisk konflikt mellom dinka og nuer. 

62,3% av befolkninga er i følgje Operation World  kristne. Halvparten av dei er evangeliske. Men det pregar i liten grad samfunnslivet. Storparten av kvinnene i landet har vore utsette for seksuelle overgrep, og alle familiar lid under effekten av vald og terror. Utdanningsnivået er lågt, og analfabetismen skyhøg. Berre 2% har tilgang til reint vatn. Og me kan jo berre tenkja oss kva dette har å seia for dei sanitære tilhøva folk må leva under. 33% får aldri eta seg mette. Hungeren er kronisk. 

Gode Gud og Far! Me ber om 
  • at djevelens makt skal brytast over Sør-Sudan,
  • framgang for evangelieti i alle folkegrupper, 
  • at nye kyrkjelydar skal plantast over heile landet
  • djuptpløyande forkynning og undervisning i alle kyrkjer
  • oppgjer med gamle gudar, okkulte praksisar og syndige vanar
  • Andens kraft over alle Jesustruande 
  • Jesustruande, ukorrupte og kompetente samfunnsleiarar,
  • fred mellom dei stridande partane, 
  • skulegang for barn og unge
  • gode avlingar og effektive dyrkingsmetodar
  • eit fungerande næringsliv
  • fungerande samfunnsinstitusjonar
  • oppbygging av ny infrastruktur
  • reint vatn for alle, og gode sanitære tilhøve
  • eit fungerande rettssystem

Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...