Folketal: 4700.
Kommunesenter: Skjærhalden
Kommunesenter: Skjærhalden
Næringsliv: Fiske og næringar knytt opp til dette dominerer.
Kyrkje og kristenliv: Alt av kristent liv som eg har funne i Hvaler er knytta opp til Den norske kyrkja, inkludert Vesterøy bedehus.
Hvaler kyrkje frå 1100-talet er den eldste kyrkja på Austlandet.
Hvaler vart sterkt berørt både av Haugevekkinga først på 1800-talet, metodist og baptiskvekkinga seinare i same hundreåret, samt svenske evangeliske vekkingsrørsler som kom med svenske steinhoggarar i overgangen mellom 18 og 1900-talet. Pinsevekkinga tidleg på 1900-talet gjorde seg også gjeldande i øykommunen.
Kommunen har i dag mange utfordringar. Eldrebølga merkast sterkt i og med at 33% av befolkninga er over 65 år. Utgiftene til helse er høge og aukande, og skatteinngangen låg. Dei er kandidat for ROBEK-lista. Dei må no kutta radikalt i det kommunale tenestetilbodet.
Om sommaren er Hvaler eit ferieparadis, og befolkninga aukar med fleire hundre prosent. Det gjev auka helseutgifter for kommunen.
Be om at kommunen skal få kontroll på økonomien, at det skal etablerast ny næring i kommunen som også kan genererer høgare skatteinntekter.
Be om stabile og levande kristne fellesskap som fungerer året rundt på dei bebudde øyane.
Be om oppblomstring av åndeleg liv mellom dei som er heimehøyrande i kommunen.
Be om gode oppvekstmiljø for barn og unge.
Be om kloke og rettsindige leiarar på alle nivå



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar