Said Abdelrazek sit i egyptisk varetekt, og risikerer dødsstraff for å ha konvertert frå islam til kristen tru, samt for offentleg å ha kritisert islam og for å ha evangelisert mellom muslimar, noko styresmaktene kallar "konverteringsverksemd". Den amerikanske kongress- representanten Rily More tek no saka opp i Representanthuset for å få USA til å pressa persident Sisi til å sørga for fridom for Said Abdelrazek. Me ser no at Egypt blir stadig tyngre på labben i høve til den kristne minoriteten i landet, som strengt tatt er dei sanne egyptarane.
Be om at dette marerittet må ta slutt for Said Abdelrazek.
Be om at han må få styrke til å stå i stormen.
Be om at USA må pressa egyptiske styresmakter til fullt ut respektera dei grunnleggjande sivile menneskerettane.
