fredag 27. november 2026

Martyrkyrkja: IS drep kristne i Kongo

60 kristen vart slakta ned på ein dag i Nord Kivu i Den demokratiske republikken av Kongo (DRC) den 6.november. Terroristar frå Den islamske staten (IS) stod for denne ugjeringa, og sette dessutan fyr på heimar og bilar .

Folk vart drepne etter å ha nekta å ta imot det terroristane kalla eit "rimeleg tilbod", som truleg går ut på å konvertera til islam for å behalda livet. 

1500 kristne er drepne av IS i DRC siste året. 

Bilde frå åtaket i Nord Kivu (Barnabasaid.com)

Det har i mange år rasa ein borgarkrig i dette landet som har krevd millionar av menneskeliv. Mange ulike væpna grupper står mot kvarandre, og landet blør frå tusen sår. Sentralregjeringa har liten og ingen kontroll ute i distrikta. Denne situasjonen utnyttar no IS, og kjem inn med hundrevis av blodtørstige islamistar for å spreia islam med sverd og maskingevær. 

Be om at verdsopinionen skal bli gjort merksam på det som skjer med dei kristne aust i Kongo, og at dei rette faktisk skal bry seg. 

Be om at Gud må verna dei kristne mot dødbringande farar. 

Be om at dei truande må stå fast i Jesus midt i stormen

Be om at stormen skal stilna

Be om at Guds rike skal gå fram midt i trengslene




Ingen kommentarer:

Indre Østfold

  Kommunesenter: Askim Folketal: 48000 Næringsliv: Jordbruk, skogbruk, kraftproduksjon, industri forutan handel og tenesteyting.  Kyrkje og ...