Folketal: 71 620 000 fordelt på 109 folkegrupper som snakkar 78 ulike språk. Dei fleste snakkar thai.
Religion: Buddhisme (85%).
Hovudstad: Bangkok
Kristne: 0,5%
Det betyr at thaifolket etter definisjonen er eit unådd folk.
Thailand var eit jordbruksland, men har i dag ein stor eksportretta industri som generer store inntekter. Turisme og handel er også økonomisk umåteleg viktig for landet. Ein stor del av inntektene frå turismen kjem frå sex-industrien. Opp til 300 000 kvinner/jenter er fanga i denne skitne businessen, og det er omtrent umogeleg for dei å koma seg ut. Dei er svært utsette for overgrep og sjukdomar. 10% av turistinntektene kjem frå sex-industrien i Bankok, Pukhet, Pataya og Hat Yai. 2,5 millionar menneske lever av inntekter frå prostitusjon.
Korrupsjon, mafiaverksemd og rus er også store samfunnsproblem.
I sør er det ei muslimsk geriljarørsle som skaper mykje uro.
Det er enno trong for bibeoversetting til fleire språk.
Thailand betyr "det frie landet" ut frå at det aldri har vore kolonisert. Men folket er fanga av buddhistiske løgner og mange synder.
Landet er framleis svært ope for kristen misjon, og kyrkja veks. I nokre områder kraftig.
Far! Thailand treng å bli kjent med Jesus og Bibelen.
Du ser all den naud som er i dette landet: kvinner som lever i prostitusjon, korrupte leiarar, kinesisk mafia og avgudsdyrking av alle slag. Aus Anden din utover landet og dra folks hjarto mot Sonen din. Skap i dei ein djup svolt etter frelse, reinleik og sanning. Hjelp dei som er fanga av synd ut av fysisk, moralsk og åndeleg fangenskap, og lat dei få erfara Guds barns herlege fridom.
Utrust kyrkja og dei kristne i landet med di kraft og dine nådegåver slik at dei kan disippelgjera familie, vener, naboar og arbeidskameratar. I Jesu namn, amen!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar