torsdag 27. november 2025

Hot spots

 Gode Gud!

Sjå i nåde til alle som er råka av storbrannen i Hong Kong. Må innesperra mennesker koma seg trygt ut. Hjelp og beskytt brannmannskapa. 

Redd liva til dei to soldatane frå Nasjonalgarden som vart kritisk skadde i ei skotveksling i Washington DC i dag. Amen! 

mandag 24. november 2025

Tyrkia

 


Folketal: 87 685 426
Hovudstad: Ankara
Språk: Tyrkisk
Lokaler språk: 76 (Kurmanji blir snakka av 11 millionar kurdarar)
Folkegrupper: 85
Religion: Islam
Kristne: 0,2%
Evangeliske: 0,0% (6000+)
57 folkegrupper er unådde.
52% av befolkninga har aldri høyrt noko om Jesus

Dei øydeleggjande jordskjelva i februar 2023 var dei verste i Tyrkia på 1500 år. Rundt 50 000 menneske døydde. At jordskjelva skjedde om vinteren auka lidinga for dei overlevande. Bokstaveleg talt millionar av bygningar vart øydelagde eller skadde, og hundretusenvis av menneske vart heimlause. Mykje av øydelegginga skjedde i avsidesliggjande område; å få hjelp til desse samfunnene er no endå meir vanskeleg. Mange av bygningane oppfylte ikkje tryggleiksstandardane på grunn av korrupsjon som gjorde at utbyggjarar kunne bestikke tenestemenn og omgå krav. Å gjenoppbygge både den fysiske infrastrukturen og tilliten til korrupte politiske leiarar vil ta år eller til og med tiår – traumet av tap vil bli verande hos mange heile livet. 

Be om at Gud kan bruke denne tragedien til å bringe gjennombrot til område som lenge har vore motstandsdyktige mot det gode bodskapet. 

Be om at kristne kan fortsette å strøyme inn i området med hjelp, assistanse, medkjensle og nåde medan dei elskar og tener folket i denne regionen – i ekte samarbeid med og teneste for den lokale Kristi kropp. 

Be om at slik audmjuk og generøs kristen teneste og vitnesbyrd kan vere til stades for den lange vegen av gjenoppretting, og at mange hjarte vil respondere på desse demonstrasjonane av Kristi kjærleik.

Be for flyktningar og migrantar i Tyrkia. Mange iranarar flykta frå vald og islamsk ekstremisme under revolusjonen i 1979. Dette vart følgt av over ein million kurdarar under Gulfkrigen i 1991. Millionar fleire flykta til Tyrkia frå Syria og andre stader under borgarkrigen og migrantkrisene på 2010-talet. Tyrkia har dei siste åra husa fleire flyktningar enn noko anna land i verda. Store tal migrantar kjem frå Sør-Asia, andre delar av Midtausten, og no Russland og Ukraina. Dei viser seg å vere ganske opne for evangeliet. Det er svært mogleg at det er fleire flyktningar enn etniske tyrkarar som følgjer Jesus i Tyrkia. Eit aukande tal av desse ber om at Gud skal bruke dei som vitne i vertsnasjonen. Be om at Gud gjennom iranarar, syrarar, afghanarar og andre kan leie mange tyrkarar til å kjenne han.

Pris Herren for den sakte, men jamne veksten mellom dei kristne i landet. Tyrkiske og kurdiske truande var truleg rundt 10 i 1960, men steig til rundt 4 000 i 2010. Talet i dag ligg mellom 6000 og 33000, alt etter kva kjelder me brukar. Mange håpa på eller forventa større vekst av kyrkja. Men sjølv om talet er lite, vart dei truande sterkare og meir modne. Det er eg sett med eigne augo i Antalia. Veksten på 1990- og tidlege 2000-talet avtok då dei truande møtte åndeleg, juridisk og kulturell motstand. Det har vore mykje baktale av og vondsinna ryktespreiing om dei kristne frå statsstyrte medier. 

Be om at dei dei truande skal setja mot i kvarandre, ikkje la seg deppa men halda fram med evangeliseringa og kyrkjeplantinga! 

Samstundes er det ei merkbar vending til Kristus blant migrantar frå Iran, Irak, Afghanistan og andre stader som er flyktningar i Tyrkia. Sjølv om teneste til tyrkarar og kurdarar blir nøye overvaka, ser det ut til å vere større fridom til å tene Jesus mellom desse flyktningane. 

Be om at den vekkinga me ser tendensar til mellom flyktningane i Tyrkia skal breia seg til tyrkarane i landet. Be om at Kristus skal sigra i folks liv, og islam mista grepet. 

Be spesielt for dei 60 000 armenske kristne som er att i Tyrkia, at dei skal finna fram til ei frigjerande tru på Jesus Kristus som Herre og frelsar.  

Frå 1915 til 1917 vart armenarane, saman med assyriske kristne, utsette for eit forferdeleg folkemord då tyrkiske styresmakter drap kanskje så mange som 1,5 millionar armenarar og 700 000 assyrarar. Det er uhyggjeleg å lesa om. 

Vik i Vestland (Sogn)

 




Innbyggjartal: 2550. Kommunesenter: Vikøyri
Næring: Jern-og metallvareindustri, møbel-og trevareindustri, næringsmiddelindustri, jordbruk, fruktdyrking, kraftproduksjon. 
Kyrkje og kristenliv: I Vik ligg ligg den nest eldste stavkyrkja i Noreg. Den eldste krossen som arkeologane har funne i landet, fann dei rissa djupt inn i ein kleberstein i Vik. Denne er frå førkristen tid og låg i ei vikinggrav. 
I dag er nesten all kristen aktivitet er knytta til DNK. Det er fire bedehus i kommunen, men aktiviteten der er minimal. Dei har sett betre tider. 

Gode, allmektige Gud! 
Det ser ut for oss som om Vik i Sogn treng eit besøk av deg, og det ber me om at du skal spandera på dei. Folka der treng å bli kjent med Jesus. 
Legg Vik på hjarta til bønnefolka dine, og driv nokre av dei ut til din haust i denne kommunen, og må det bli planta nye levande kyrkjelydar og forsamlingar der. 
Velsign familiane i Vik med godt samhald, og verna barna og dei unge mot alt som kan skada dei på kropp, sjel og ånd. 
Velsign også næringslivet i Vik både på kort og lang sikt, og lat innbyggjarane i kommunen nyta godt av gode leiarar. 
Amen! 


lørdag 22. november 2025

USA sin president fell Ukraina i ryggen og flørtar med terroristen i Kreml. Her er ei bøn til Himmelens Gud!

 Ja, gode allmektige Gud! Ukraina er inne i ein lagnadstime, og eg ber om at DU, i DIN stordom skal frelsa dei frå fienden og beskytta dei mot rakettane og dronene hans. Stopp terroristen i Kreml, styrk dei ukrainske soldatane på slagmarka, driv dei fientlege styrkane attende, og dra ukrainarane sine hjarto til deg. Minnar deg, Gud, om Salme 5 der dette blir sagt om deg at du er ein Gud som ikkje toler urett, at ingen vonde får bu hos deg, at dei hovmodige ikkje får stiga fram for dine auge, at du hatar alle som gjer vondt, gjer ende på dei som talar løgn, og at du avskyr drapsmenn og svikarar. Når Ukraina sine vener sviktar, Gud, syn deg trufast mot dette landet, og lat DIN plan for landet vera den som gjeld. I Jesu namn! Amen!

 

 

 

 

Høyanger kommune

 


Innbyggjartal: 3894
Kommunesenter: Høyanger
Næringsliv: Metallindustri (aluminium), bildelindustri, oppdrett, jordbruk og kraftproduksjon. 

Kyrkje og kristenliv: DNK ser ut til å ha fem kyrkjer, men nettsida deira er mangelfull. Høyanger har også eit stort bedehus som vart bygd i 1928 som visstnok er i ein svært dårleg forfatning både utvendig og innvendig. Dei som driv dette huset har ei FB-side med litt informasjon som syner ein del sosiale aktivitetar. Indremisjonen vil kvitta seg med dette bedehuset. Det ser ikkje ut til at det føregår forkynning av Guds ord der lenger. 

Troens Tabernakel i Vadheim er ein kyrkjelyd som ein gong vart skipa ut frå den amerikanske vekkingspredikanten William Branham sine møter i Noreg og Sverige. Nettsida deira har mykje om Branham og hans teneste og forkynning, men har ikkje noko om kva dei held på med i Høyanger. Eg prøvde forresten å ringa dei, men telefonnummeret var "ugyldig". Og mailadressa deira eksisterer heller ikkje. 
Alt i alt ser det for meg ut til at Høyanger er litt av ei misjonsmark. 

Gode, allmektige Gud! Det står for meg som om folk i Høyanger i all hovudsak ikkje kjenner Jesus, og at dei sjeldan får høyra Guds ord forkynt. Difor ber eg no om at dette skal endra seg, at du, som eig hausten, skal senda arbeidsfolk ut til din haust i denne kommunen. Må du, gode Heilage Ande, bli aktiv overfor dei som bur i Høyanger slik at dei blir oppmerksame på at Gud finst, at du har skapt dei, at du elskar dei, at du sende Jesus for å frelsa dei og at dei må tru på han for å bli frelst og ha framtid og håp. 

Vidare ber eg om at Høyanger må vera velsigna med gode og rettsindige leiarar på alle nivå, at industrien alltid skal ha nok arbeidsoppdrag, at barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår, at innbyggjarane skal vera skjerma for kriminalitet, at alle gravide skal bera fram barna sine, at dei unge skal vera skjerma for kjønnsforvirrande påverknad og at Høyanger skal vera eit rusfritt samfunn. Amen! 
  







fredag 21. november 2025

Dagens nasjon: Togo

 

Kart: Operation world
Kjelde: Operation World

Togo har rundt 10 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Lomè. Landet er i prinsippet ein republikk med parlamentarsik demokrati, men i realiteten har landet vore styrt av eit familiedynasti i 50 år. Det er ein djup konflikt mellom folk i nord og sør. 45% av befolkninga er kristne. Dei fleste katolikkar. 10,7% er evangeliske. Fattigdomen er stor. 300 000 barn er foreldrelause. Mange kvinner livnærer seg gjennom prostitusjon.
Offisielt språk er fransk. Lokale språk: 43. Folkegrupper: 56. 8 av dei er unådde.  

Be om at dette landet skal få nye leiarar som fryktar Gud og har folket sitt beste for auga.
Be om vekking og fornying i alle lokale kyrkjelydar. Det har stagnert sidan 1990. 
Be om ein klar misjonsvisjon for landet hos dei kristne, og særleg hos leiarane
Be om einskap mellom dei kristne
Be om vekking over heile landet, og i alle folkegrupper
Be om av naudsynte bibeloversettingsprogram skal setjast i gong
Be om ein kraftig moralsk opprustning av folket
Be om at prostitusjonen skal ta slutt
Be om at foreldralause skal få seg heimar å bu i.
Be om gode skular for barna, og utdanningsprogram for dei unge.
Be om eit oppegåande helsevesen



Dagens unåddefolkeslag: Jemenittar i USA

Det er 105 000 av denne folkegruppa i USA. Dei er alle muslimar. Deler av Bibelen er tilgjengeleg på deira arabiske dialekt. 

Dei første jemenittane som slo seg ned i USA gjorde det mellom 1870- og 1890-åra. Nokre fekk statsborgarskap ved å kjempe i første og andre verdskrig. Ein finn mest sannsynleg jemenittar i Detroit, Buffalo eller i Central Valley i California. Dei fleste jemenittiske menn arbeider lange dagar for å forsørgje familiane sine. Jemenittiske kvinner i USA oppdrar barn og held hus. Nokre amerikanskfødde jemenittiske døtrer rømmer heimanfrå for å søkje fridom frå den tradisjonelle jemenittiske livsstilen. Kristne kan bli brukte av Gud til å nå desse såra familiane, men få amerikanarar er villige til å nå dei unådde i deira nærleik.

Hindringar
Sjølv om dei varierer når det gjeld stammelojalitet, er jemenittar einige om sin truskap  til det islamske religiøse systemet. Difor er det få, om nokon, som har sett si lit til Jesus Kristus, uansett kvar dei bur.


Bøn
Be om at denne folkegruppa skal begynne å søkje Guds visdom som finst i Hans ord.
Be om at Kristi vellukt skal lækje jemenittiske familiar i USA.
Be om ei rørsle mot Kristus blant dei.
Be om at små, utvida familieheimfellesskap skal mangedoble seg i USA.
Be om fred i Jemen som vil la jemenittisk diaspora vende heim.
Be om at Herren skal bruke ustabiliteten i Jemen til å hjelpe muslimske jemenittar å forstå deira behov for ein rettferdig frelsar.
Be om visdom til å nå inn til hjarto til desse menneska, ut frå Jakob 1:5:

"Om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som gjev villig til alle utan vonde ord, og han skal få." 

Kjelde: joshuaproject.net

Liberisk pastor arrestert og rettsforfølgd for å føra muslimar til tru på Jesus

 


Ein pastor i Liberia står overfor pågåande juridiske utfordringar etter ein konflikt med muslimske samfunnsmedlemmer om verksemda hans. Ifølgje ei lokal kjelde byrja situasjonen i 2023 då Pastor Sylvester leia to personar til tru på Kristus. Etter konverteringane har han blitt skulda av motstandarar for å preike mot islam, be høglydt og spele musikkinstrument tidleg om morgonen.

Kyrkjeleiaren vart arrestert i slutten av oktober. Sjølv om han først vart sleppt fri av politiet, overtydde aktor retten om å fengsle han igjen. Sidan då har Pastor Sylvester og familien hans opplevd helseproblem på grunn av mangel på mat og andre grunnleggjande nødvendigheiter. På tidspunktet for publiseringa av denne rapporten er dei offisielle skuldingane mot den truande uklare. Den 18. november bad den kristne advokaten som er hyra inn for å hjelpe med forsvaret av pastoren om meir tid til å studere saka. Neste høyring er planlagd til å finne stad den 24. november.

Ver venleg å be for Pastor Sylvester og den bekymra familien hans i denne vanskelege tida. I tillegg til å møte deira daglege praktiske behov, be Gud om å gje dei fornya åndeleg styrke, oppmuntring og fred. Må Herren også gripe inn i den juridiske prosessen – gje den kristne forsvarsadvokaten den nødvendige visdommen og rettleiinga – slik at den fengsla pastoren kan bli sett fri. Be på vegner av alle Jesu etterfølgjarar i Liberia medan dei prøver å byggje gode relasjonar med sine muslimske naboar og leve ut trua si i fred.

Kjelde: Voice of the Martyrs, Canada

onsdag 19. november 2025

Lydfil for dei siste innlegga

 https://open.spotify.com/episode/3kea74afWd8SL72Vy2H4cQ?si=a16bbc1fb9a14836


Dagens unådde folkeslag: Muslimar i Thailand

 

Foto: Pinterest

Det er 1 363 000 muslimske thaifolk. 
Det har vore lite fokus på desse menneska frå kyrkja si side, og få av dei har høyrt om Jesus som frelsar Herre og Gud. 

Be om at Jesu namn må bli kjent i kvar einaste muslimsk thailandsby. 
Be om at leiarane deira begynner å hungra og tørsta etter rettferd.
Be om at dei må finna fram til Jesus som døra inn til Gud. 
Be om at det må renna ein straum av velsigning over dei muslimske thaifamiliane
Be om at Jesu etterfølgarar må ta mot til seg og planta kyrkjelydar i alle landsbyar med muslimsk dominans

tirsdag 18. november 2025

Thailand


Folketal: 71,6 million. Hovudstad: Bankok. Statsform: Kongedøme med parlamentarisk demokrati Religion: Buddhisme. Kristne: 1,1%. Evangelisk kristne: 0,5%  Hovudpråk: Thai. Lokale språk: 84. 
Thailand betyr "Det frie landet", som myntar på at landet aldri var underlagt ei vestleg kolonimakt. Likevel er thailendarane ikkje så lite undertrykte av åndsmakter knytta til buddhisme, tradisjonalisme, fedredyrking og okkultisme. 
Landet har ein konge som blir æra som ein gud. Han er eit sterkt nasjonalt symbol. Poloitikken er labil. Med jamne mellomrom bryt alt saman. Då tek militæret over, og langsamt vender dei attende til normale tilstandar. 
Korrupsjonen i Thailand er skyhøg. 
Prostitusjon og menneskehandel er ein uverdig ting, og ein stor skamplett. Trass i at sexhandel er ulovleg, er 2,8 millionar menneske involvert i dette. Av desse er 2 millionar er kvinner. 800 000 prostituerte er barn under 18 år. Det er forstemmande å tenkja på at dette er ein "marknad" for vestlege menn. Fattigdom er nok ein av årsakane til prostitusjon, men prostitusjonen sementerer også fattigdomen. 
1,3 millionar thaifolk er avhengig av metamfetamin. Det er ei stor ulukke for den enkelte, for familie og samfunn. 
I sommar var det trefningar på grensa mellom Thailand og Kambodsja. 
Økonomien i landet er sterk og stabil. Gradvis overtek den eksportretta industrien for jordbruket som økonomisk viktigaste næring. Turismen er ein god nummer tre. 
IMI-kirken i Stavanger jobbar mykje med kyrkjeplanting i Thailand gjennom Agenda 1 programmet sitt. Dei melder om god vekst, og at Guds kraft pregar det som skjer i denne misjonen

Takk Gud for alle som kjem til tru kvar dag i Thailand, og for alle nye kyrkjelydar.
Be om at evangeliet skal bli forkynt over heile landet, og at det må plantast kyrkjelydar i alle dei 80000 landsbyane. 
Be om at løgnene i buddhismen må avslørast for folk, og at sanninga i Jesus skal lysa for alle. 
Be om at dei nye kristne vert innlemma i fellesskap, at dei blir grunnfesta i Guds kjærleik og Guds ord. 
Be om at dei må veksa i nåde og kjennskap til Jesus, og bli tydelege og frimodige Kristusvitner i kvardagen sin. 
Be om at heile nasjonen må overfløymast av Guds lys, og at Den Heilage Ande skal ausast ut over alle menneske. 
Be om at under og teikn må følgja dei som trur. 
Be om at korrupsjon må avslørast, påtalast og straffast.
Be om politiske leiarar med moralsk integritet og styringskompetanse.
Be om at kvinner skal koma seg ut av fattigdom, prostitusjon og rus, og at lovgjevinga mot menneskehandel skal handhevast. 
Be om varig fred på grensa mellom Thailand og Kambodsja








 

mandag 17. november 2025

Martyrkyrkja. Iran: Fengsla kristen kvinne nekta medisinsk behandling etter å ha brote ryggen.

Aida Najaflou

Denne artikkelen er forfatta av Article 18. Omsett av KI. 

Ein kristen konvertitt halden i Evin-fengselet i Teheran fekk ikkje tilstrekkeleg medisinsk hjelp etter å ha fått eit brot i ryggraden frå eit fall, rapporterte den London-baserte rettsgruppa Article 18.

Article 18, som fremjar religionsfridom i Iran og dokumenterer forfølginga av kristne konvertittar, sa at Aida Najaflou, 44, fall frå øvste køya si tidleg den 31. oktober og fekk eit brot i T12-ryggvirvelen.

Ho vart teken til Taleghani-sjukehuset for røntgen, men returnert til fengselet same dag på ei båre, framleis i store smerter og utan den operasjonen legane tilrådde.

Protestar frå medfangar førte seinare til at styresmaktene overførte henne til Shahid Tajrish-sjukehuset, der legane igjen tilrådde akutt operasjon og fysioterapi.

Trass i dette, sa gruppa at Najaflou framleis er i fengsel utan skikkeleg medisinsk behandling.

Najaflou, som lid av revmatoid artritt, hadde gjentekne gonger åtvara fengselsstyresmaktene om at det var utrygt å klatre til øvste køya, men førespurnadene hennar om ei lågare seng vart ignorerte.

Ho var framleis i ferd med å komme seg etter ein ni timars operasjon då agentar frå etterretningsdepartementet arresterte henne i februar, og ho har blitt nekta tilstrekkeleg pleie gjennom heile varetektsperioden, inkludert under 65 dagar i isolasjon i avdeling 209 i Evin-fengselet.

Article 18 sa at ho framleis er bak lås og slå fordi familien hennar ikkje har råd til kausjonen på 130 000 dollar som vart sett for henne i mai, ein del av eit breiare mønster med tunge kausjonsvilkår pålagde kristne fangar.

Som eit anna døme sa gruppa at den iransk-armenske pastoren Joseph Shahbazian vart sleppt fri etter ein månad berre etter å ha betalt 50 000 dollar i kausjon.

Under iransk lov er berre etniske armenarar og assyrarar fødde inn i kristendommen anerkjende som kristne. Konvertering frå islam er forbode.

I følgje den USA-baserte rettsgruppa Human Rights Activists in Iran (HRANA) har rundt 11 prosent av offera for brot på rettane til religiøse minoritetar i Iran det siste tiåret vore kristne, særleg konvertittar.

Najaflou blir straffeforfølgt i ein islamsk revolusjonsdomstol saman med to andre kristne konvertittar, Joseph Shahbazian og Nasser Navard Gol-Tapeh.

Dei vart tidlegare i år sikta for samling og samansverjing og propaganda mot Den islamske republikken Iran over vanlege kristne aktivitetar som bønnemøte og dåp, ifølgje Article 18.

Article 18 sa at Najaflou også står overfor to tilleggssiktingar — propagandaverksemd mot Iran i cyberspace og propaganda til fordel for grupper som er motstandarar av Iran — over påståtte innlegg på sosiale medium som støtta protestane i 2022 som braut ut etter dødsfallet til ei ung kvinne, Mahsa Jina Amini, i moralpolitiets varetekt.

Ho er også skulda for å ha kritisert den drepne Hezbollah-leiaren Hassan Nasrallah på sosiale medium.

Be om lækjedom, fridom og rettferd for Aida Najaflou.

Be om at alle kristne som sit i fengsel i Iran må få nyta godt av Jesu trøyst og omsorg, og at dei alla skal få erfara rettferd og fridom.

Be om at regimet i Iran må falla, og at landet må få erfara fridom, demokrati og respekt for grunnleggjande menneskerettar. 

Be om at vekkinga i Iran må auka i styrke og breia seg til alle provinsar

Dagens unådde folkeslag: Zhirazi i Tanzania

 
                                                                   Kart: joshuaproject.net



Folketal: 760 000. Språk Swahili. Religion: Islam. Kristne: 0,00%. Bibelen og Jesusfilmen føreligg på swahili. 

Namnet Shirazi blir brukt av nokre afrikanarar som identifiserer arven og ætta si med den gamle persiske provinsen Shiraz. Ifølgje legenden hadde ein prins frå Shiraz eit mareritt som han tolka som at vondskap snart ville øydeleggje han, så han la ut på reise og landa til slutt på Zanzibar, ei øy utanfor kysten av Tanzania. Shirazi reknar seg somme tider som ei eiga etnisk gruppe frå swahili, sjølv om Swahili er morsmålet og handelsspråket deira. Bibelressursar er tilgjengelege på swahili. Utbreidd fattigdom plagar Shirazi. For dei som er villige til å reise, treng Shirazi støtte innan utdanning, lese- og skriveferdigheiter, medisin, vassbrønnar og jordbrukskunnskapar.

Shirazifolket er synkretistar. Dei blandar islam med animisme og trolldom. Begge deler fører lett til åndsbesettelse. 

Be om at Gud sender ut velutrusta misjonærar som har forstand på å setja folk fri frå djevelske ånder som plagar dei. 

Be om at Shirazi skal forstå og omfamne at Jesus vil velsigne familiane og nabolaga deira. 

Be om at Herren skal opne hjarta til Shirazi-familieleiarane slik at dei kan oppleve Guds velsigning gjennom bibelstudium (som det er mange av på swahili). 

Be om at Den Heilage Ande skal dra mange til å ta eit trussteg og omfamne Kristus. Be om at truande i nærleiken, i Tanzania og Kenya vil nå ut til Shirazi.



Tanzania

 

Kart: Britannica

Folketal: 70,6 millionar. Hovudstad: Dar es Salaam. Styresett: Republikk. Språk: Swahili.  54,1% er kristne. 17.1% evangeliske. Eit stort kyrkjeplantingsprosjekt resulterer i stor vekst for alle kyrkjesamfunn. 
  • Be om at Guds herlegdom skal dekka heile landet slik havet dekker havbotnen, at kyrkjer blir planta og evangeliet blir forkynt i alle byar og landsbyar. 
  • 51 språk har ingen bibel. 32 berre deler av han. Be om at oversettingsarbeidet skyt skikkeleg fart. 
  • Korrupsjonen er ekstrem. Be om at alle som er posisjone til å grava til seg sjølv skal få ei djup forståing av at Gud vil halda dei ansvarlege for alle former som bedrageri. 
  • Be om politiske leiarar med gudsfrykt og høg moralsk integritet.
  • Be om eit rettferdig lovverk, og eit godt fungerande rettssystem
  • Be om at evangeliet skal bli forkynt for den forsømte muslimske befolkninga langs kysten og på den gamle slaveøya Zansibar. Dei muslimske folkegruppene her veks fort. 
  • Tanzania har ein ung befolkning. Be om gode opplæringsprogram retta mot barn og unge. 
  • Halvparten av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje. Men berre 8% er aktive kristne. Be om at nye kristne må bli skikkeleg disippelgjort, ført inn i fellesskapet, inspirerte til å leva for Jesus og utrusta til å leva misjonale liv. 

mandag 10. november 2025

Sør- Sudan

 

Kart: Britannica

Sør-Sudan vart etablert 9.juli 2011, og er verdas yngste nasjon, og kanskje også den fattigaste. Hovudstad: Juba. Nasjonen vart fødd som eit resultat av mange års krig for sjølvstende frå Sudan og regimet i Khartoum, men har sidan 2013 vore til dei grader prega av borgarkrig. Dette er i stor grad ein etnisk konflikt mellom dinka og nuer. 

62,3% av befolkninga er i følgje Operation World  kristne. Halvparten av dei er evangeliske. Men det pregar i liten grad samfunnslivet. Storparten av kvinnene i landet har vore utsette for seksuelle overgrep, og alle familiar lid under effekten av vald og terror. Utdanningsnivået er lågt, og analfabetismen skyhøg. Berre 2% har tilgang til reint vatn. Og me kan jo berre tenkja oss kva dette har å seia for dei sanitære tilhøva folk må leva under. 33% får aldri eta seg mette. Hungeren er kronisk. 

Gode Gud og Far! Me ber om 
  • at djevelens makt skal brytast over Sør-Sudan,
  • framgang for evangelieti i alle folkegrupper, 
  • at nye kyrkjelydar skal plantast over heile landet
  • djuptpløyande forkynning og undervisning i alle kyrkjer
  • oppgjer med gamle gudar, okkulte praksisar og syndige vanar
  • Andens kraft over alle Jesustruande 
  • Jesustruande, ukorrupte og kompetente samfunnsleiarar,
  • fred mellom dei stridande partane, 
  • skulegang for barn og unge
  • gode avlingar og effektive dyrkingsmetodar
  • eit fungerande næringsliv
  • fungerande samfunnsinstitusjonar
  • oppbygging av ny infrastruktur
  • reint vatn for alle, og gode sanitære tilhøve
  • eit fungerande rettssystem

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...