Kart: Britannica
Folketal: 70,6 millionar. Hovudstad: Dar es Salaam. Styresett: Republikk. Språk: Swahili. 54,1% er kristne. 17.1% evangeliske. Eit stort kyrkjeplantingsprosjekt resulterer i stor vekst for alle kyrkjesamfunn.
- Be om at Guds herlegdom skal dekka heile landet slik havet dekker havbotnen, at kyrkjer blir planta og evangeliet blir forkynt i alle byar og landsbyar.
- 51 språk har ingen bibel. 32 berre deler av han. Be om at oversettingsarbeidet skyt skikkeleg fart.
- Korrupsjonen er ekstrem. Be om at alle som er posisjone til å grava til seg sjølv skal få ei djup forståing av at Gud vil halda dei ansvarlege for alle former som bedrageri.
- Be om politiske leiarar med gudsfrykt og høg moralsk integritet.
- Be om eit rettferdig lovverk, og eit godt fungerande rettssystem
- Be om at evangeliet skal bli forkynt for den forsømte muslimske befolkninga langs kysten og på den gamle slaveøya Zansibar. Dei muslimske folkegruppene her veks fort.
- Tanzania har ein ung befolkning. Be om gode opplæringsprogram retta mot barn og unge.
- Halvparten av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje. Men berre 8% er aktive kristne. Be om at nye kristne må bli skikkeleg disippelgjort, ført inn i fellesskapet, inspirerte til å leva for Jesus og utrusta til å leva misjonale liv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar