Innbyggjartal: 3894
Kommunesenter: Høyanger
Næringsliv: Metallindustri (aluminium), bildelindustri, oppdrett, jordbruk og kraftproduksjon.
Kyrkje og kristenliv: DNK ser ut til å ha fem kyrkjer, men nettsida deira er mangelfull. Høyanger har også eit stort bedehus som vart bygd i 1928 som visstnok er i ein svært dårleg forfatning både utvendig og innvendig. Dei som driv dette huset har ei FB-side med litt informasjon som syner ein del sosiale aktivitetar. Indremisjonen vil kvitta seg med dette bedehuset. Det ser ikkje ut til at det føregår forkynning av Guds ord der lenger.
Troens Tabernakel i Vadheim er ein kyrkjelyd som ein gong vart skipa ut frå den amerikanske vekkingspredikanten William Branham sine møter i Noreg og Sverige. Nettsida deira har mykje om Branham og hans teneste og forkynning, men har ikkje noko om kva dei held på med i Høyanger. Eg prøvde forresten å ringa dei, men telefonnummeret var "ugyldig". Og mailadressa deira eksisterer heller ikkje.
Alt i alt ser det for meg ut til at Høyanger er litt av ei misjonsmark.
Gode, allmektige Gud! Det står for meg som om folk i Høyanger i all hovudsak ikkje kjenner Jesus, og at dei sjeldan får høyra Guds ord forkynt. Difor ber eg no om at dette skal endra seg, at du, som eig hausten, skal senda arbeidsfolk ut til din haust i denne kommunen. Må du, gode Heilage Ande, bli aktiv overfor dei som bur i Høyanger slik at dei blir oppmerksame på at Gud finst, at du har skapt dei, at du elskar dei, at du sende Jesus for å frelsa dei og at dei må tru på han for å bli frelst og ha framtid og håp.
Vidare ber eg om at Høyanger må vera velsigna med gode og rettsindige leiarar på alle nivå, at industrien alltid skal ha nok arbeidsoppdrag, at barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår, at innbyggjarane skal vera skjerma for kriminalitet, at alle gravide skal bera fram barna sine, at dei unge skal vera skjerma for kjønnsforvirrande påverknad og at Høyanger skal vera eit rusfritt samfunn. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar