Nord i Burma bur det kristne Kachinfolket som lenge har kjempa for nasjonalt sjølvstende. Etter at Burma kom relativt billig unna folkemordet på det muslimske Rohingyafolket, har dei no intensivert krigen mot Kachin med kraftig flybombing og artellerield. Regjeringssoldatar går inn i landsbyar og drep menn og valdtek kvinner, og mange kachinarar skamfer seg på landminer som er blitt lagde ut. Soldatane driv også me intense avhøyr av kristne , og mange er livredde for kva som blir det neste trekket. Det er tydeleg at burmesiske styresmakter no vil utsletta all annan religion enn buddhismen i lander, og det betyr naturlegvis å utsletta alle som ikkje er buddhistar. Ingen pressefolk slepp til for å rapportera om kva som skjer, og verdspressa er difor heilt stille. Kjelde: www.persecution.net
Kjære gode Far! Me er fortvila på det som skjer i Burma, og ber om at du skal verna Kachinfolket mot overgrep og åtak frå styresmaktene. Stopp desse styrkane i Jesu namn. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar