Areal: 308 000 km2. Folketal: 114 millionar fordelt på 735 folkegrupper. Største by: Mumbay, som er Indias økonomiske, kommersielle og industrielle kraftsenter. Likevel lever 60% av byens befolkning i slum. Klasseskiljet er enormt i India. Språk: Marathi (68%), hindi (11%). 80% er hinduar, 10,6% muslkimar og 2% kristne (2010).
Hindutvarørsla står sterkt i Maharashtra. Det fører til grov diskriminering av muslimar, buddhistar og kristne, og det er ofte eit kraftig press mot kristne til å rekonvertera til hinduismnen.
i Mumbay er det 200 000 sexslavar, 100 000 gatebarn og 300 000 AIDS-sjuke. Slummen er prega av grov kriminalitet, tilgrising, sjukdomar, fattigdom, arbeidsløyse og vonløyse.
4% av befolkninga i Mumbay er kristne, det er eit fint tal til India å vera, og New Life Fellowship har planta tusenvis av huskyrkjer i byen. Visjonen deira er å planta huskyrkjer i alle byar og landsbyar i delstaten.
Mange historiske kyrkjer er prega av namnekristendom og konfliktar, og dei lid under mange års forsøming i form av sviktande rekrutteringsarbeid. I tillegg slit dei kraftig økonomisk. Ikkje bra.
Dei nye kyrkjeplantingsrørslene er ofte aggressive i sin metode og framtoning, og dette skaper unødvendige og øydeleggjande konfrontasjonar med hinduaktivistar , og triggar forfølging.
Minst 75 folkeslag er heilt unådde.
Herre! Takk for alt godt som skjer i Maharashtra, for alle nye kyrkjelydar og nye kristne. Me ber om at dei nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort og utrusta med tanke på vitneteneste, og at du skal gje dei styrke til å takla og tola diskriminering og forfølging. Så ber me om at du skal bli meir og meir synleg for vanlege folk i denne byen, at du auser ut Anden din over folket, let lyset ditt fløyma innover fattig og rik, høg og låg, slik at både folk og samfunn blir forvandla. Bryt djevelens forferdelege makt over menneska, og må dei venda seg bort frå avgudane sine og til deg åleine, du som er den einaste sanne Gud. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
27.november 2020
I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for ...

-
Chile er med sine 4200 km eit langstrekt land. Arealet er 756 626 kv.km, meir enn det dobbelte av Noreg. Folketal: 17 600 000. Befolkni...
-
30. juni og 1. juli vart 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon i byane Teheran og Malayar. Politiet braste inn i eit husmøte i...
-
Bolivia er eit digert land, nesten tre gonger så stort som Noreg. Landet har inga kystlinje. I sør er det ei høgslette, i nord tropisk reg...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar