Folketal: 9,8 millionar
25 folkegrupper
Språk: Ungarsk. Totalt 17 språk.
88% er kristne. 2,8% evangeliske.
Hovudstad: Budapest
I år 2000 feira ungararane 1000 årsjubileet for innføring av kristendomen i landet. Men i dag har dei aller fleste ungarar mista kontakten med evangeliet. Dei søkjer svar på problema sine i materiell velstand, alkohol og falsk religion. Okkult aktivitet, austleg mystikk, heidensk heksekraft, shamanisme, tibestansk buddhisme eller ein miks av desse retningane har auka kraftig på dei siste åra.
Be om at ungarske kristne skal reisa seg mot denne utviklinga i bøn og forkynning, og at Gud skal gjera dei til lys og salt i eit samfunn der kunnskapen om Han og kjennskapen til Han er i ferd med å forvitra.
Det høyrer med til bilete at parallelt med fråfallet har høgreekstreme grupper gjort seg kraftig gjeldande. Under valet 2018 fekk dei, gjennom partiet Jobbik, nesten 20 % av røystene. Dei har ei kraftig stemme i samfunnet, og partiet til statsminister Viktor Orban, Fidesz, er også svært nasjonalistisk og framandfientleg. Den viktigaste saka i kvar valkamp er innvandring. Det handlar om kven som er flinkast til å tetta grensene og avvisa flyktningar.
Be om at Gud skal intervenera og fjerna framandhatet frå ungararane sine hjarto, og gjera dei til varme, opne og rause mennesker.
Når det gjeld kristenlivet har uavhengige, karismatiske kyrkjelydar god vekst mange stader. Det utviklar seg spennande ting i desse samanhengane, og det viktigaste er nye bønerørsler. Det trengst brubygging mellom desse og tradisjonelle kyrkjer.
Be om at kristne menneske frå ulike grupperingar skal ha god kontakt med kvarandre, elska kvarandre og samarbeida for å vinna den ungarske befolkninga for Jesus Kristus.
Be også om at dei ungarske kristne skal utvikla ein misjonal livsstil, let seg fylla og utrusta av Den Heilage Ande slik at dei ivrig vitnar om Jesus der han sender dei, at dei etablerer nye kyrkjelydar der nye truande kan bli forsvarleg disippelgjort.
I Ungarn er det fire universitet som utdannar nye leiarar for kyrkjelydane.
Be om at desse læreinstitusjonane skal vera tru mot Bibelens ord, ha solide lærarar som elskar Jesus, kyrkja, folket og Ordet, vera innretta slik at teori og praksis, lære og liv kan gå hand i hand. Be også om at Herren sørger for fulltidsstudentane slik at dei kan fullføra løpet sitt.
Det er kristendom på skulane, men det er strenge restriksjonar på undervisninga for kristne lærarar.
Be om at kristne lærarar skal bruka visdomen sin, at barn og unge i Ungarn må få kjennskap til Jesus, hans person, liv, død og oppstode, slik at dei kan ta imot han i hjarto sine og bli frelst frå syndene sine.
Be om at det kristne studentarbeidet, som er ganske omfattande, skal bli haldt oppe og at mange av Ungarn sine 200 000 studentar skal koma i kontakt med kristne medstudentar og erfara Gud gjennom dei.
13,2% av befolkninga tilhøyrer romanifolket (sigøynarane). Desse er diskriminerte og sett ned på av andre ungararar. Men Gud går fram mellom sigøynarane, der, som i andre land i dette området.
Be for Romanifolket som er talrikt i Ungarn, at dei skal bli handsama med respekt, at Guds rike skal, som det har gjort dei siste åra, gå kraftig fram i desse miljøa, frelsa sigøynarane og forvandla dei til veldige og kraftfulle Kristusvitner.
Det er stort behov for ny kristen litteratur i landet.
Be om at det skal tilflyta dei ungarske kristne nok god kristen litteratur, og at dei truande skal bli opplyste og kunnskapsrike "lesarar" som lett kan svara for seg, og som offensivt set dagsorden for kva folk skal vera opptekne av.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
søndag 17. juni 2018
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
27.november 2020
I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for ...

-
Chile er med sine 4200 km eit langstrekt land. Arealet er 756 626 kv.km, meir enn det dobbelte av Noreg. Folketal: 17 600 000. Befolkni...
-
30. juni og 1. juli vart 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon i byane Teheran og Malayar. Politiet braste inn i eit husmøte i...
-
Bolivia er eit digert land, nesten tre gonger så stort som Noreg. Landet har inga kystlinje. I sør er det ei høgslette, i nord tropisk reg...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar