søndag 24. juni 2018

Jammu og Kashmir, indisk delstat

Areal: 222000 km2. Folketal: Mellom 13 og 14 millionar. Religion: 67% muslimar, 30% hinduar, 0,2% kristne. Hovudstad: Srinagar (1,4 mill.) og Jammu (450 000).

Kashmir er eit omstridt område, og India og Pakistan gjev krav på ein del av dei same områda, og det er støtt og stadig trefningar. Muslimane og hinduane bur i stor grad separat frå kvarandre. I Kashmirdalen, der eit kraftig jordskjelv i 2005 foråraka mange døde og store materielle skadar, er 97% av befolkninga muslimsk, og her er den millitære spenninga størst. Dette er ikkje lite skummelt med tanke på at både India og Pakistan er atommakter.

Også i Kashmir går evangeliet sin sigersgang. i 1990 var det 2000 kristne der. I år 2000 hadde dette tidobla seg, og i 2010 var det 40 000, og har utviklinga vore den same sidan den gong, må det no nærma seg 80 000 truande der. Men denne veksten fører også til diskriminering og forfølging.

Men trass i denne framgangen for Guds rike, må alle folkegrupper i Kashmir reknast som unådde, enno.
Kjelde: Operation World 2010.

Gode Gud!
Me takkar deg for ditt rikes framgang i Jammu og Kashmir, og me ber om at dei mange nye kristne skal bli godt disippelgjort, fylte av din kjærleik og utrusta til å vinna nye for Jesus. 
Styrk einskapen mellom dei truande, og bevar dei i brorskaps ånd. 
Så ber me om ein varig fred mellom Pakistan og India. Amen!






Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...