I det nordaustre delen av India finn me delstatar der kristne er i stort fleirtal. Dette er eit resultat av intensiv engelsk misjon på 18 og 1900-talet, i kombinasjon med vekkjingsrørsler i nyare tid. Meghalaya er 22700 km2 og folketalet er 2 630 000 (2010). Hovudstad er Shillong. Der bur det 305 000 personar. 70,2% av befolkninga er kristne, 13,3% hinduar, 11,8% er animistar og 4% muslimar.
Det har vore mykje tradisjonalisme i kyrkjelydane, men etter år 2000 har Gud gjesta og revatilsert mange kyrkjer. Likevel er det vanskeleg for kyrkjelydane å halda på dei unge som går sine eigne vegar, og gjerne vil smaka på rusen og denne verdas gleder.
Det er forresten stor mangel på pastorar og kristent leiarskap. Kristne manglar hyrdar som kan undervisa og disippelgjera dei, og trua er ofte svært overfladisk.
Gode Gud! Me takkar deg for ditt historiske verk i Meghalaya, og for fornying og vekkjing i vår tid. Reis opp nye leiarar for kyrkja di, kvinner og menn som kan leida og disippelgjera barna dine. Me ber spesielt for dei unge, at dei skal få personlege møter med deg som gjer at dei begynnar å elska deg over alt, og slik at dei identifiserer seg meg dine planar og mål. I Jesu namn. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar