Areal 55 700 km2. Folketal: 7 millionar. Hovudstad: Shimla (430 000). 35 språk. Pahari dominerer. 358 folkegrupper. 95,4% er hinduar. 0,1% kristne.
Himachal Pradesh er blitt kalla "gudane sitt land", og er eit mål for mange pilgrimar. Kvar einaste fjelltopp i denne fjellrike staten er oppkalla etter ein av dei mange hinudistiske gudane.
Lenge var Himachal Pradesh rekna for Indias minst evangeliserte stat, men slik er og utrust det ikkje lenger. Frå å ha nokre få tusen kristne er det i dag kanskje så mange som tusen kyrkjelydar, noko som er eit rasultat av målretta misjonsinnsats frå indiske kyrkjer.
Også her har hindutvapartiet fått gjennom antiomvendingslover, og slik gjort evangelisering ekstremt vanskeleg.
Det er 100 000 tibetanske flyktningar i Himachal Pradesh. Desse er buddhistar og ekstremt resistente overfor evangeliet.
Kjelde: Operation World 2010
Herre Jesus Kristus!
Styrk alle Guds barn i Himachal Pradesh i trua. Lat dei bli ståande fast i deg og modig vitna om deg og di frelse for sin neste. Utrust kyrkja di med sterke nådegåver, og lat under og teikn følgja dei som trur, og bevisa for menneska at evangeliet er sant. Djevelen reiser seg mot dei, og me ber deg om at du skal reisa deg mot han, binda han og kasta han ut or folkas liv. Lat alle avgudane bli avslørte som ureine ånder som forvirrar, villeier og lurer folk og fører dei mot evig fortaping og straff. Me ber spesielt for tibetanarane at dei skal få teften og smaken av din kjærleik, og at buddhismen skal tapa si makt over liva og tankane deira. Herre, miskunna deg. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar