lørdag 23. juni 2018

India


India er med sine 1,3 milliardar menneske verdas nest mest folkerike land, snart er dei på topp. Det er 2493 folkegrupper i dette landet, og det blir snakka 456 ulike språk. 74,3% er hinduar. 5,48% er kristne, 2,2% evangeliske, 14% er muslimar. Hovudstad er New Dehli. 

72% av befolkninga stammar frå indoeuropeiske stammer som kom til India frå Sentral-Asia for godt 3000 år sidan og etablerte hinduismen som religion. 25% av indarane tilhøyrer urbefolkninga, dei såkalla dravidane. Mestedelen av kristen misjon i India har vore retta mot desse. 

70 språk har heile Bibelen. 120  har Det nye testamentet og 136 deler av Bibelen oversett (tal frå 2010). Rundt 100 levande språk treng enno bibeloversetting. 

Indarane er delt inn i 4700 kastar og 25000 underkastar. Kastesystemet er ulovleg, men bestemmer  likevel svært mykje av det som skjer i samfunnet, særleg på landsbygda.

Tradisjonelt har India vore eit jordbrukssamfunn. Dei siste tiåra har næringslivet vorte langt meir differensiert, og landet er i dag verdas leiande IT-nasjon, landet har romfartsindustri, har eit atomvåpenarsenal og ei veksande finansnæring. Landet er blitt ein økonomisk suksesshistorie.  Likevel lever 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense. 

30% analfabetisme. 40% blant kvinner. 

India vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1947, og vert rekna for å vera verdas største demokrati. I dag ser me at hinunasjonalistiske parti har overteke makta, og religionsfridomen er blitt kraftig innsnevra mange stader, og støtt og stadig bryt det ut forfølging mot kristne, særleg rundt dei store høgtidene. 

I India er det 400 millionar barn. 35 millionar fleire gutar enn jenter. Mange jentebabyar blir aborterte, eller dei vert  drepne etter fødsel. 80% av alle barn vert fysisk mishandla, 50% blir utsette for seksuelle overgrep. Det hender at foreldre sel barn til slaveri for å dekka gjeld dei har teke opp. Kvar dag er ein katastrofe i dette landet. Underskotet på kvinner fører også til massevaldtekter. Det er eit tjukt moralsk og åndeleg mørker i dette landet. Hinduismen er då også ein sterkt seksualisert religion. Kristendomen er den religionen som no veks raskast i landet, og særleg mellom dei kastelause, som utgjer 25% av befolkninga. 

Kristendomen har ein lang historie i India. Legenden vil ha det til at apostelen Thomas forkynte der først (i Kerala), og at han leid martyrdøden ved å bli gjennombora av spyd. Enno er det nokon som kallar seg Thomaskristne i sør-India. 

Mesteparten av den levande kristendomen i India i dag har vakse fram pga misjonsinnsatsen dei siste 300 åra. Av dei 70 millionar kristne, er 23% katolikkar, 35 % protestantar og 18% uavhengige, 20% tilhøyrer inga kyrkje, 2,7% er ortodokse (Thomaskristne).

Det er stor og løfterik vekst mellom dei karismatiske kyrkjelydane (både katolske og andre), og mellom dei evangelisk kristne. Hovudveksten er å finna i desse grupperingane.

Mange millionar kristne har ikkje fellesskap, og trur i løynd.

Mirakelmøter og sensasjonsmakeri er i skotet. Men disippelgjering av dei truande er fråverande.

Dei tradisjonelle kyrkjesamfunna treng vekkjing og fornying. Her er det mykje partistrid og krangling som tappar dei truande for glede, engasjement og åndskraft og effektivt hindrar folk frå å fungera som Kristi vitner i kvardagen.

Men bilete er samansett, som alt i India: Det har dei siste tiåra vakse fram over 1000 nasjonale misjonsorganisasjonar, og meir enn 100 000  kyrkjeplantarar, evangelistar og sosialarbeidarar. Landet har over 100 teologiske institusjonar og meir enn 1000 bibelskular.

Indian Mission Assosiation (IMA) er eit samarbeid mellom mange organisasjonar. IMA samlar inn data om den åndelege, kulturelle, økonomiske og språklege situasjonar i delstatar, fylker, kommunar og landsbyar, og samordnar misjonsinnsatsen i landet.

All Indian Christian Counsil overvakar menneskerettssituasjonen for dei kristne. Dette er eit samarbeidsprosjekt der 5000 organisasjonar, kyrkjesamfunn og kyrkjelydar er med.

India har fleire unådde enkeltmenneske enn nokon annan nasjon. Særleg gjeld dette dei som bur på slettene i Gangesdalen, heimplassen til 283 ulike folkegrupper.

Misjonsinnsatsen er i dag i stor grad retta mot stammefolk (Indias urfolk) og dei kastelause. Få konsenterer seg om den sterkt veksande middelklassen, og enno mindre om dei som kjem frå dei høge kastane i landet. Dette MÅ endrast om Jesu oppdrag skal fullførast i India.

Hinduismen si karmatru gjer at dei rike ikkje ser noko poeng i å hjelpa fattige. Alle får det dei har fortent.

Takk for
  • den store kyrkjeveksten dei siste åra
  • nye misjonsorganisasjonar og nasjonale misjonærar og kyrkjeplantarar
  • IMA og All Indian Christian Counsil
  • dei teologiske institusjonane og bibelskulane
  • alle bøneinitiativ som lever mellom dei kristne
Be om
  • Vekking og fornying innan dei store tradisjonelle kyrkjene
  • at dei kristne skal fungera som lys og salt i samfunnet
  • at nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort
  • teologien og læra skal vera sunn i kyrkjelydane og dei teologiske utdanningsinstitusjonane. 
  • at dei kristne skal leva reint og heilagt midt i det massive åndeleg og moralske trykket dei møter kvar dag
  • at dei kristne skal bli utrusta med rike nådegåver til å forkynna evangeliet, helbreda sjuke og driva ut vonde ånder
  • auka evangeliseringsfokus retta mot middelklassen og dei høgare kastane
  • ein massiv misjonsinnsats retta mot befolkninga i Gangesdalen
  • nye initiativ til bibeloversetting
  • gode lese og skriveopplæringsprogram for kvinner
  • at dei som er hemmeleg truande må bli fanga opp, disippelgjort  og inkludert i fellesskap
  • vern for Indias mange barn, fødde som ufødde
  • at landet skal halda fast på demokratiet som styreform, og at sunne demokratiske prinsipp pregar vanlege folks tenkemåte. 
  • at menneskerettane skal bli respekterte
  • at abort skal bli forbode, og drap på jentebarn pådømt. 
  • at åndsmakta i hinduismen skal bli broten, og at Gud skal gripa mektig inn og omforma India til eit kristent omsorgssamfunn. 


Ingen kommentarer:

Forfølging i India: Deportasjon av kristne

 Den 17. november vart vedtok leiarane i 8 landsbyar i Sukma, eit distrikt i delstaten Chattisgarh at dei kristne i desse samfunna anten måt...