10,7 millionar innbyggjarar, 95,12% kristne, 16% evangeliske. Hovudstad: Port-au-Prince.
Jordskjelvet i 2010 tok livet av 250 000 menneske, og øydela store deler av landet sin bygningsmasse og infrastruktur. Folket reagerte med i stor stil å venda seg til Gud i bot, bøn og faste.
Be om at han må gå på djupet med folket, fri dei frå dei mørke kreftene som har dominert samfunnet i to hundreår og transformera nasjonen.
Evangeliske kristne har opplevd ein sterk vekst dei siste tiåra gjennom evangelisering og praktisk kjærleik. Ei sterk bønerørsle "Visjon Haiti" har vakse fram, og kristne frå mange kyrkjesamfunn og organisasjonar har gjennom mange år målretta bede Gud om at han skal fria folket og nasjonen frå djevelens makt, og krafta i desse bønene er blitt demonstrert ved mange høve.
Be om at Gud skal fullføra dette verket han har starta og setja alle menneske fri frå okkultisme (voodo), spiritisme, grådighet, vald, rus og korrupsjon. Alt dette er svært utbreidd i landet.
Kriminaliteten er skyhøg, og 25% av politistyrken er sjølv kriminelle.
Be om at dei utru politifolka skal bli avslørte, at dei som skal handheva lovverket blir rettsskafne, og at Den Heilage Ande ansvarleggjer både politifolk og kriminelle slik at dei alle gjer alt dei kan for å fly unna den dom Gud ein dag skal fella over alle vonde, og alle som held sanninga nede i urett.
200-300 000 barn lever som slavar under forferdelege tilhøve. Dei vert kjøpt og selt i stor stil.
Be om Gud pådømmer slaveriet, at det skal ta slutt og at barna skal få rettane sine oppfylte, det handlar om rettane til å veksa opp i trygge heimar, til skulegang og helsehjelp.
Be om at Gud velsignar landet med gudfryktige, kloke og sterke leiarar.
Det har alltid vore ei mangelvare.
Økonomisk ligg Haiti langt nede i sørpa, og det blir berre verre og verre. Økologien er i ubalanse, skogane snauhogne, jordbruket radbrekt og næringslivet svakt.
Be om at Gud skal velsigna folket og landet økonomisk. Be om at styresmaktene skal satsa på kunnskap og utdanning, slik at folket blir i stand til å møta utfordringane framover, ja, bli ein nasjon som kan blomstra på alle områder.
Svært mange haitianarar har flykta frå landet. Desse har synt seg svært mottakelege for evangeliet.
Be om at dei skal møta på seriøse og gode kristne der dei kjem, menneske som kan føra dei til Kristus.
Seksuell promiskuitet, prostitusjon og sprøytenarkomani har ført til stor utbreiing av AIDS.
Be om at folket skal venda seg bort frå syndige livsmønster som tek livet av dei.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten jordksjelv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jordksjelv. Vis alle innlegg
onsdag 13. juni 2018
mandag 13. juni 2016
Haiti, det fattigaste landet på den vestlege halvkule.
Staten Haiti utgjer den vestre delen av øya Haiti. I aust ligg Den dominikanske republikken. Haitit er beskriven i Operation World som "den fattigaste nasjonen på den vestlege halvkule". Avskoging (berre 2% att den opphavelege skogen), erosjon, ureining og orkanar utarmar landet, og det fælslege jordskjelvet i 2010, øydela mykje av det som var av økonomisk infrastruktur. Landet vil vera heilt avhengig av hjelp utanfrå i lang tid framover.
Etter eit slaveopprør i 1804, vart Haiti fri frå den franske kolonimakta som hadde styrt landet i lang tid. Den nyfødde nasjonen måtte imidlertid betala høg erstatning til Frankrike, og attpå til vart han utsett for økonomisk boikott og blokade av USA og Europa. Haiti fekk ein dårleg start, og kom seg eigentleg aldri ovanpå.
Landet ligg heilt i øvre skikt når det gjeld korrupsjon og kriminalitet, og 25% av politiet er involvert i mafiaverksemd.
Nesten alle haitianarar kallar seg kristne. Den romerks katolske kyrkja står sterkt. Men kristendomen på Haiti er gjennomsyra av voodoo, spiritisme og hekseri. Det vert sagt om landet at det er "90% katolsk og 100% voodoo."
Etter eit slaveopprør i 1804, vart Haiti fri frå den franske kolonimakta som hadde styrt landet i lang tid. Den nyfødde nasjonen måtte imidlertid betala høg erstatning til Frankrike, og attpå til vart han utsett for økonomisk boikott og blokade av USA og Europa. Haiti fekk ein dårleg start, og kom seg eigentleg aldri ovanpå.
Landet ligg heilt i øvre skikt når det gjeld korrupsjon og kriminalitet, og 25% av politiet er involvert i mafiaverksemd.
Nesten alle haitianarar kallar seg kristne. Den romerks katolske kyrkja står sterkt. Men kristendomen på Haiti er gjennomsyra av voodoo, spiritisme og hekseri. Det vert sagt om landet at det er "90% katolsk og 100% voodoo."
- Jordskjelvet i 2010 vart av mange sett på som eit kall frå Gud til omvending frå synd. Presidenten lyste ut 3 dagar med bøn og faste over heile nasjonen, og 1 million menneske tok del. Dette året vart det ingen karnevalparade i Port au Prince. Be om at haitianarane kastar djevelen og alt hans ut av liva sine, slik at landet kan bli reinsa for vonde åndsmakter som bryt ned alle deler av samfunnslivet.
- Den evangeliske rørsla har i lang tid hatt stor framgang i Haiti. Guds rike går fram gjennom intens bøn, gode gjerningar og kraftfull forkynning. I dag utgjer dei evangeliske 16% av befolkninga, som er på omlag 11 millionar. Be om at vekkjinga skal berøra alle menneske i landet, og av evangeliet skal reinsa ut all religiøsitet hos majoriteten, og erstatta denne med enkel tillit til Jesus.
- Be om at Gud skal trøysta familiane til dei 230 000 menneska som omkom i jordskjelvet.
- Be om at alle som vart kvesta skal få den hjelpa dei treng, og at Guds under skal skje i liva deira.
- Be om at gjenoppbygginga av Haiti ikkje berre skal vera materiell, men også åndeleg, sosial, kulturell og politisk.
- Be om at Guds rike skal bryta gjennom også i politikken slik at politikarane legg trua på Gud og Bibelen til grunn for både liva sine og politikken sin.
- Be om at politikorpset skal bli reinsa for kriminalitet.
- Be om at skulevesenet skal koma opp og gå på alle nivå, og at befolkninga skal bli utrusta med den kunnskapen som skal til for at dei skal kunna byggja opp produktive arbeidsplassar som er ei føresetnad for økonomisk vekst og utvikling.
- Be om at folk skal ta avstand frå bruk av all type rus.
- Be om at den åndsmakta som ligg bak voodooismen skal bindast i Jesu namn.
- Den gamle frykten som i si tid vart skapt av spanske og franske slavedrivarar har aldri sluppe taket i haitianarane. Be om at dei skal bli overaust av Guds kjærleik, den kjærleiken som driv frykten ut.
- Mange har framleis ein slaveidentitet. Be om at denne må bytast ut med ein Guds barn-identitet.
- Be om at landet skal få gudfryktige leiarar på alle nivå. Dei har hatt nok at det motsette.
- Be om gode utdanningsinstitusjonar for nye kristne leiarar.
- Be om nye åndsfylte pastorar som forkynner Jesus og Ordet, og ikkje seg sjølv.
- Be om at dei kristne skal vera Jesu etterfølgjarar og ikkje hans tilhengjarar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

