I Nagaland bur det 2,3 millionar menneske på 16600 km2, fordelt på 176 folkegrupper.
Langt over 90% er kristne. Store vekkingar i 1956, 1966 og i 1972 har sett djupe spor. Truande frå Naganland driv i dag misjon over store deler av India.
No veks det imidlertid opp nye generasjonar som ikkje har hatt dei same åndelege erfaringane som vekkjingsgenerasjonen, og mykje av den gamle krafta er blitt borte. Mange unge har fått smak på denne verdas gleder i form av materialisme, umoral og narkotikamisbruk.
I Nagaland er det i dag 19 teologiske undervisningsinstitusjonar, og det skulle jo borga for ei viss framtid for Guds rike,
I nagasamfunnet er det mange rivaliserande grupper. Dei kjempar mot kvarandre, og samstundes saman for nasjonalt sjølvstende. Det er litt rotete og hjelpelaust det der.
Kyrkja er svært splitta, og dei ulike gruppene står opp mot kvarandre.
Herre Jesus! Takk for alt stort og godt du har gjort i Nagaland historisk. No ber me om at dei truande i landet skal erfare eit vedvarande nærvær av din Ande heilt til du kjem att i herlegdom. Skap forsoning mellom dei som står mot kvarandre, og lær dei einskap og samarbeidets kunst. Hjelp dei å ha fokus på det eine nødvendige, halda seg nær til deg og dagleg lova og prisa deg for den du er og alt du har gjort for oss til vår frelse. Ta vare på ungdomane , hjelp dei å avsløra djevelens list og mange påfunn og lat dei få erfara deg så sterkt at dei berre finn glede i å tena deg. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar