tirsdag 2. juli 2024

Evangelist drepen i Uganda medan han forkynte Guds ord

Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var på oppdrag for kyrkjelyden sin då han vart omringa av ein sint mobb, bunden og drepen. Han vart funnen liggjande i sitt eige blod. Denne dagen hadde fleire muslimar vendt seg til Kristus som respons på Malinga si forkynning, og han måtte betala for det med sitt eige liv. 

Richart Malinga er ein moderne Stefanus, den første kristne martyr som også vart drepen på open gate fordi han forkynte Kristus i eit fiendtleg miljø. 

Det er "Morning Star News" som melder dette. Les meir her:  Christian Evangelist Slain in Eastern Uganda - Morningstar News

Gode Jesus! Me takkar deg for alt du fekk gjort gjennom Richard Malinga sitt korte liv, og ber om at hans martyrium skal føra mange til tru på deg i lang tid framover. Ta vare på familien hans, og trøyst alle som no sørger over å ha tapt ein god ven. Me ber i ditt namn om at kyrkja i Uganda skal halda fram med å forkynna evangeliet for muslimar, og ikkje slutta å storma dødsrikeportane. Amen! 


Ingen kommentarer:

Evangelist drepen i Uganda medan han forkynte Guds ord

Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...