10,7 millionar innbyggjarar, 95,12% kristne, 16% evangeliske. Hovudstad: Port-au-Prince.
Jordskjelvet i 2010 tok livet av 250 000 menneske, og øydela store deler av landet sin bygningsmasse og infrastruktur. Folket reagerte med i stor stil å venda seg til Gud i bot, bøn og faste.
Be om at han må gå på djupet med folket, fri dei frå dei mørke kreftene som har dominert samfunnet i to hundreår og transformera nasjonen.
Evangeliske kristne har opplevd ein sterk vekst dei siste tiåra gjennom evangelisering og praktisk kjærleik. Ei sterk bønerørsle "Visjon Haiti" har vakse fram, og kristne frå mange kyrkjesamfunn og organisasjonar har gjennom mange år målretta bede Gud om at han skal fria folket og nasjonen frå djevelens makt, og krafta i desse bønene er blitt demonstrert ved mange høve.
Be om at Gud skal fullføra dette verket han har starta og setja alle menneske fri frå okkultisme (voodo), spiritisme, grådighet, vald, rus og korrupsjon. Alt dette er svært utbreidd i landet.
Kriminaliteten er skyhøg, og 25% av politistyrken er sjølv kriminelle.
Be om at dei utru politifolka skal bli avslørte, at dei som skal handheva lovverket blir rettsskafne, og at Den Heilage Ande ansvarleggjer både politifolk og kriminelle slik at dei alle gjer alt dei kan for å fly unna den dom Gud ein dag skal fella over alle vonde, og alle som held sanninga nede i urett.
200-300 000 barn lever som slavar under forferdelege tilhøve. Dei vert kjøpt og selt i stor stil.
Be om Gud pådømmer slaveriet, at det skal ta slutt og at barna skal få rettane sine oppfylte, det handlar om rettane til å veksa opp i trygge heimar, til skulegang og helsehjelp.
Be om at Gud velsignar landet med gudfryktige, kloke og sterke leiarar.
Det har alltid vore ei mangelvare.
Økonomisk ligg Haiti langt nede i sørpa, og det blir berre verre og verre. Økologien er i ubalanse, skogane snauhogne, jordbruket radbrekt og næringslivet svakt.
Be om at Gud skal velsigna folket og landet økonomisk. Be om at styresmaktene skal satsa på kunnskap og utdanning, slik at folket blir i stand til å møta utfordringane framover, ja, bli ein nasjon som kan blomstra på alle områder.
Svært mange haitianarar har flykta frå landet. Desse har synt seg svært mottakelege for evangeliet.
Be om at dei skal møta på seriøse og gode kristne der dei kjem, menneske som kan føra dei til Kristus.
Seksuell promiskuitet, prostitusjon og sprøytenarkomani har ført til stor utbreiing av AIDS.
Be om at folket skal venda seg bort frå syndige livsmønster som tek livet av dei.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar