Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 23. juni 2018
Gujarat, Indisk delatat.
Flatemål: 196000 km2. Folketal: 60 millionar. Hovudstad: Gandhinagar (235000). Store byar: Ahamadabad med sine 5,7 millionar og Surat med 4,2 millionar.
Gujarat var delstaten der Mahatma Gandhi gjennomførte den berømte saltmarsjen sin.
0,6% av befolkninga er kristne. Dei fleste katolikkar og metodistar. Frelsesarmeen er også på plass. Hinduekstreme grupper er sterke i denne staten, og politiet og styresmaktene samarbeidar om å skremma og forfølga både kristne og muslimar. i 2003 vart det vedteke forbod mot omvending, såkalla "anticonversion law", Slike lover verkar som regel berre ein veg. Slik også her. Det er lite att av Gandhi sin tolerante innstilling i det som ein gong var heimstaten hans. Presset mot kyrkja har gjort dei kristne redde og kompromissviljuge. Dei er lite frimodige, og misjonarbeidet har mista mykje av sitt momentum.
Trass i desse vanskane har det vore signifikant kyrkjevekst i fem distrikt.
Det er 19 folkeslag i Gujarat med over 100 000 menneske som er mellom verdas heilt unådde.
Ahamadabad er hovudstaden for jaintrua med meir enn 100 jaintempel.
Kjære gode Far!
Sjå i nåde til Gujarats store befolkning. Me takkar deg for den framgangen evangeliet har hatt i delstaten den siste tida trass i motstand og forfølging. Set mot i dine barn slik at dei fast og beslutsomt tek opp krossen sin og forkynner evangeliet for dei fortapte trass i trugsmål om bøter og fengsel. Di kyrkje er Gujarats einaste håp. Fyll henne med din Ande, herlegdom og kraft, og lat pinseelden brenna sterkt og utrust henne til å kunna formidla håp, frelse og lækjedom til alle som er undertrykte av djevelen. Bryt fiendens makt over indiske sinn, og kall folk til å snu ryggen til gudegalleriet sitt og overgje seg heilt og fullt til deg, du som er evig Far og sann Gud frå æva til æva. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar