Jharkand er tette skogar og lange åsar. Delstaten er den yngste i India, separert frå Bihar i år 2000. Det bur 32 millionar menneske del fordelt på 415 folkegrupper. Delstaten har eit areal på 77000 km2. Dei som bur der er stort sett svært fattige bønder, mange av dei tilhøyrer urgamle og opprinnelege stammefolk (adivasi), t.d. santalane som Normisjon har arbeidd med i 150 år. Det er 32 slike urfolk i Jharkand, dei fleste av dei er unådde.
68% er hinduar, 14% muslimar, 13% animistar og 5% kristne.
Dette området av India har gjennom det siste hundreåret vore prega av opprør og uro, og i dag er det ei maoistisk geriljagruppe som lever i dei djupe skogane som skaper trøbbel.
Det er eit tett åndeleg og moralsk mørker i Jharkand, og den 19.juni i år vart i følgje avisa "The Hindu" 3 kvinner som jobbar for kvinners rettar valdtekne av ein gjeng unge menn. Desse gjengvaldtektene er eit mareritt for India.
Dei kristne er ofte ivrige, men ikkje alltid så kloke i sitt uttrykk, Ein del av den forfølginga dei er utsette for burde vore unngått, i følgje Operation World 2010.
Far i himmelen!
Du er den rette far for alle menneske, også for befolkninga i Jharkand. Aus Anden din ut over denne fattige delstaten og over alle folka som høyrer heime der, og gje god grobotn for evangeliet om Jesus Kristus. Må ditt lys fløyma over Jharkand, fordriva mørkret og frelsa menneska. Styrk kyrkja di, gjer henne varm, vinnande, offensiv og klok. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar