Areal: 74061 km2. Folketal: 61 131 000. Delstaten er i stor grad sett saman av dravidiske stammer som 2000-1500 f.Kr vart fordrevne sørover av indoeuropeiske stammer frå Sentral-Asia. Det snakkar 19 språk i Karnataka. 65% snakkar kannada, 10% urdu, 8% telugu og 5% tamil.
Hovudstad: Bangalore 7,2 millionar. Bangalore er den leiande IT byen i India, og dermed i resten av verda.
Religion: Hinduisme 84%, islam 12,2%, kristendom 2%.
Kernataka er den fattigaste av statane i sør. Dei kristne er passive, sjølvopptekne og isolerte. Dei verkar motlause, og ekstreme hindugrupper jobbar hektisk for å få vedteke antikonverteringslover. Dei går ofte til åtak på kristne, det er snakk om over 1000 anslag per år i gjennomsnitt.
Det har vore gjennombrot for evangeliet i folkegruppa lingayat, som er nådd utelukkande gjennom innsatsen til lingayatkristne.
Sårbare grupper: Banjara (sigøynarar), 50 000 devadasi, unge lågkastejenter selde til tempelprostitusjon, og 70 000 gatebarn i Bangalore.
Det er 79 andre heilt unådde folkegrupper i Karnataka
Herre Jesus!
Me takkar deg for ditt verk i lingayatfolket. Fullfør din gjerning mellom dei, og lat dette folket få del i dine misjonsvisjonar og bli engasjerte i å disippelgjera andre folkegrupper i Karnataka. Me ber for dei kristne i delstaten at dei skal vakna opp, bli bevisstgjort på kven dei er i deg, kva du er god for å gjera i dei og gjennom dei. Gjer dei til stolte Guds barn, utrust dei med Andens kraft til å frelsa syndarar, lækja sjuke og setja fri dei som er okkuperte av vonde ånder. Må Anden ausast ut over alt kjøt i Karnataka, og hinduismen tapa makta si over folks sinn og tanke. Må den nye røyndomen i Kristus bryta fram som sola om morgonen. Styrk kyrkja di slik at ho kan bringa di rettferd til banjarane, devadasijentene, gatebarna og alle dei 79 andre unådde folkegruppene i staten.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 25. juni 2018
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
27.november 2020
I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for ...

-
Chile er med sine 4200 km eit langstrekt land. Arealet er 756 626 kv.km, meir enn det dobbelte av Noreg. Folketal: 17 600 000. Befolkni...
-
30. juni og 1. juli vart 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon i byane Teheran og Malayar. Politiet braste inn i eit husmøte i...
-
Bolivia er eit digert land, nesten tre gonger så stort som Noreg. Landet har inga kystlinje. I sør er det ei høgslette, i nord tropisk reg...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar