fredag 15. juni 2018

Vatikanstaten

Vatikanstaten i Roma er den katolske kyrkja sitt hovudsete. 
Nokre av verdas mest verdfulle kulturskattar er å finna her. Det veldige biblioteket er fullt av eldgamle originaldokument til kjende og ukjende litterære storverk, og det store landemerke er jo sjølvsagt Peterskyrkja med alle sine kunstskattar. 

Vatikanstaten er også kalla kyrkjestaten, og alle katolske kyrkjer i verda er ein del av denne staten. Det er eit veldig åndeleg kraftsenter. 

Dei siste åra har mange katolske prestar over heile verda blitt avslørte som pedofile overgriparar. Det har gjeve kyrkja stor miskreditt. Særleg fordi leiarane ved mange høve har forsøkt å dekka over ugjerningane. Ikkje lett å sjå korleis denne kyrkja heilt skal kunna attreisa autoriteten sin etter dette. Sølibatkravet for prestar er medverkande til den elendigheten kyrkja er komen oppi. 

Læreavvika er mange. Det kjem av at pavestolen og tradisjonen er autoritetar på linje med Bibelen. Ja, i praksis høgare enn Bibelen. Mariakultus, helgendyrking og messeoffer er døme på det. Likevel ser me ei sterk karismatisk vekking i den katolske kyrkja, og dei som er gripen av Anden utviklar langt meir bibelske haldningar og verdiar. 

Elles er den katolske kyrkja konservativ og er i dag den einaste tydlege stemma i verda mot abort. Det står respekt av det. Kyrkja er også imot bruk av preventive midlar. 

Pave Frans har gjort eit sterkt inntrykk på mange. Han er audmjuk, elskar Jesus, forkynner evangeliet og lever eit enkelt liv. Det ser ut til at han kjem til å endra retninga som kyrkja går i. Det er å håpa at ho bevegar seg bort frå all pomp og prakt og rikdom til å bli ein audmjuk misjonsinstitusjon, og berre det.  

Gode Far! Me ber i dag for Vatikanstaten, pave Frans og alle han har rundt seg. Gje dei mot til å ta eit varig oppgjer med ubibelsk lære, og til å løfta opp Skrifta åleine som autoritet i spørsmål om rett lære og rett liv. Me ber om at du skal føra denne kyrkja ut av alle syndige klemmer ho sit fast i, og læra tenarane hennar å leva reint på alle områder, og å tilbe Jesus åleine. Gje dei brennande hjarto, ei sunn evangelieforståing og gåver til å forkynna evangeliet slik at det vekker tru hos tilhøyrarane . Løys kyrkja frå all magi og okkulte praksisar, og bruk henne på ein mektig måte til å fullføra misjonpåbodet. Me ber i Jesu namn, Amen!




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...