Viser innlegg med etiketten Kim Il Sung. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kim Il Sung. Vis alle innlegg

søndag 4. august 2019

Nord Korea

Areal: 122370 km2. Folketal: vel 25 millionar fordelt på 5 folkegrupper. Språk: Koreansk. Religion: 70% er ikkje-religiøse (all religionsutøving er forbode og blir straffa med døden). Likevel har nesten tredjeparten av befolkninga ei slags tru, og det er kalkulert med at 1,48% er kristne. Hovudstaden er Pyongyang.

Etter 2.verdskrigen og den påfølgjande Koreakrigen (1950-1953) vart Koreahalvøya delt i to, Nord-Korea vart kommunistisk med støtte frå Sovjetunonen og Kina, medan Sør-Korea utvikla seg til ein fri demokratisk stat støtta av USA. I nord tok Kin Il Sung makta, og smått om senn kom han til å krevja tilbeding frå undersåttane sine. I dag er det barnebarnet hans, Kim Jung Un som styrer og vidarefører bestefaren sine særs avvikande synspunkt og haldningar.

Denne politikken har gjort Nord-Korea til eit av fattigaste landa i verda, og folket er undertrykt og kontrollert ned til dei minste detaljar. På slutten av 1990-talet døydde over 2 millionar av svolt, og landet er i dag heilt avhengig av matvarehjelp utanfrå, samstundes som styresmaktene utviklar atomvåpen for å smadra hjelparane sine.

Mange kristne i Sør-Korea og Kina (og andre land) gjer stor innsats for å smugla biblar inn i Nord-Korea. Det blir utvist stor kreativitet på dette området.

Mange kristne får lov å koma inn i landet for å driva hjelpearbeid.

Trass i store restriksjonar og skarp forfølging, kjem mange, mange til tru på Jesus Kristus kvart einaste år. Det er eit sjansespel, men i mørkret skin lyset frå Jesus ekstra klårt og folk strøymer mot det.


  • Be om at alle som tek imot Jesus skal bli bevarte i trua, veksa som kristne og at dei skal finna måtar å ha fellesskap på. 
  • Be om at det rådande Kim-dynastiet skal falla
  • Be om at folket skal få fridom
  • Be om at Guds kraft skal koma over nasjonen og løfta menneska opp av hengemyra.
  • Be om at landet skal bli attreist åndeleg, moralsk, politisk, økonomisk og kulturelt
  • Be om at Gud skal ta vare på dei mange tusen kristne som er i plasserte i arbeidsleirar. Det er ingen som lever lenge i ein slik leir.
  • Be om at Gud skal passa på alle dei som prøver å flykta frå landet.
  • Be om at kinesarane sluttar med å senda flyktningar attende til Nord-Korea
  • Be om at alle kreative forsøk på å importera biblar til Nord Korea skal lukkast, og at Bibelen skal bli ei tilgjengeleg bok for alle i dette landet. 
  • Be om at Kristus skal koma til syne i dei mange kristne i landet som driv med hjelpearbeid, og at desse vert beskytta. Det hender dei vert arresterte og ille medfarne. 

søndag 3. august 2014

Nord-Korea


Nord-Korea er verdas mest isolerte nasjon. Kim Il Sung starta i 1948, med Joseph Stalins hjelp, ein revolusjon der målet var å leggja heile den koreanske halvøya under kommunismen. Det førte Koreahalvøya inn i ein beisk borgarkrig som i 1953 enda med deling av landet. Grensa mellom Nord og Sør-Korea er i dag vakta på det aller strengaste.
Sør-Korea opna seg mot verda og vart ein framgangsrik nasjon. Nord-Korea isolerte seg meir og meir, og er i dag eitt av verdas fattigaste områder. På 90 talet døydde 3 millionar menneske av svolt. I dag lid dei fleste av dei 24 millionar innbyggjarane av feil-og underernæring.
All religionsutøving er strengt forbode, bortsett frå dyrking av den Kim Il Sung, som døydde for mange år sidan. Bilete og statuar av han er finna over alt.
I 1907 vart hovudstaden Pyongyang heimsøkt av ei mektig kristen vekking, og vart då kalla "Austens Jerusalem". I dag vert kristne forfølgde på den strengaste måten, og over 100 000 er internerte i arbeidsleirar. Men evangeliet har sine vegar. Guds ord vert smugla inn på ulike smarte måtar, og stadig blir folk frelst. Det er grunn til å tru at desse strimene av lys varslar ein ny dag for Nord-Korea.
Etter av Kim Jung Il, sonen til Kim Il Sung, døydde vart makta overført til den no 30 år gamle Kim Jung Un. Etter maktovertakinga er situasjonen enno verre for dei kristne enn før. Un er ei hard nøtt. 

Gode Gud og Far! Du er den einaste sanne Gud, også for menneska i Nord-Korea. Må ordet ditt nå fram til vanlege folk i landet og gje dei ein mektig smak av sann fridom og kjærleik. Du ser hungeren og vanstyre, du ser all fortaptheit, må alt dette få ein ende, og landet opna seg mot himmelen og mot resten av verda. 
Herre, styrk alle dine barn i Nord-Korea slik at dei kan overleva som kristne gjennom  farlege tider. Takk at du er med desse slik du var med Daniel og venene hans i Babylonia. 
Jesus, vår lege, leg Nord-Korea, og bind og driv bort dei vonde åndsmaktene som knugar menneska og som fører dei djupare og djupare inn i mørkret. Me ber om ein ny dag for Nord-Korea der menneska kan få kjenna på den sanne himmellukka som berre du kan gje oss menneske. Bygg opp kyrkja di som ei mektig grasrotrørsle i dette landet som endrar det frå innsida, og må under og teikn skje overalt der kristne bevegar seg, og krafta i kjærleiken og audmjukheiten vinna over krafta i hatet og hovmotet. Amen!


Folk som bøyer seg og tilbed Kim Il Sung og sonen hans Kim Jung Il. Dette er som henta ut frå Daniels bok.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...