Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 23. januar 2026
Stryn i Vestland
Rektorar i Bømlo nektar kristent lagsarbeid på skulane sine
Bømlo (Moster) er kristendomen si vogge i Noreg. No nektar rektorar på ungdomsskulane i kommunen (sist på Mostar skule) elevar å driva kristent lagsarbeid på skulane.
Dette har
ingen pålagt desse rektorane å gjera. Dei har lagt det på seg sjølv. Sjansen
for at deira eigen trusposisjon då spelar inn i avgjerda, er stor. Og det er
uheldig.
Å nekta elevar
å samlast til andakt i eitt friminutt i veka, er sjølvsagt å avgrensa den
retten som Menneskerettsfråsegna gjev dei til å praktisera trua si, også i det
offentlege rom. Artikkel 18 i Menneskerettsfråsegna er krystallklår:
«Einkvar har
rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Denne rett omfattar fridom til å
skifte religion eller tru, og fridom til anten ålene, eller sammen med andre,
og offentleg eller privat, å gje uttrykk for sin religionen eller trua si
gjennom undervisning, praksis, tilbeding og ritualer.»
Denne
fråsegna er, i følgje Grunnlove § 2, ein
del av verdigrunnlaget for den norske stat, og dermed for den norske skulen.
I tillegg markerer §2 i Grunnlova betydninga av den kristne og humanistiske arv. Kristent skulelagsarbeid må jo seiast å fremja desse verdiane, og slik hjelpa lovgjevar med å nå sine mål, og ved å nekta elevane å samlast for å be og dela trua si med kvarandre, motarbeider desse rektorane sin eigen arbeidsgjevar.
I grunnskulen skal det undervisast om verdien av menneskerettane. Då er det underleg at rektorane i praktisk liv tek desse rettane frå elevar som ønskjer å ha kristent fellesskap ein halvtime i veka.
Gode Gud! Me går i Jesu namn mot alle som forbyr kristne unge menneske å samla seg for å tilbe deg og styrka kvarandre i trua. Me ber om at det skal koma eit forbod frå sentralt hald mot slike forbod i skuleverket. Amen!
Takk og bøn
Me takkar deg, Gud, for at Donald Trump ikkje lenger vil ta Grønland med makt. Det var sanneleg eit steg i rett retning. Så ber me i dag om at grønlendarane skal la seg innlemma i ditt rike, at dei skal venda om til deg med heile seg, bøya seg ved din kross og la seg overskylla av din kjærleik og nåde.
Og så ber me for president Donald Trump. Han har ein viss respekt for deg, men treng å ta imot di frelse og bli reinsa frå sine synder. Me ønskjer oss ein amerikansk president som er audmjuk, som elskar deg, som løftar opp namnet ditt, som lyder ditt ord, som sluttar å truga og skremma. Gje han god sjølvinnsikt og dømmekraft, og lat han halda lovnadane sine og vera til å stola på. Gode Far! Eg synest han er veldig sjølvoppteken, og at han fort blir fornærma og hemngjerrig. Og så har han så lett for å mobba andre, og set ein låg standard for korleis me kommuniserer med kvarandre. Dessutan er han skrytande, og han overdriv sin eigen historiske betydning. Audmjuk han slik at du kan løfta han opp og gje han sann stordom. Me treng ein godt fungerande amerikansk president som liknar på deg i sin måte å leida på, audmjuk, klok, sann, tydeleg og varm, ein president som skuggar unna alle djevelske impulsar. Amen!
mandag 19. januar 2026
Martyrkyrka. Iransk ektepar dømde til lange fengselsstraffer pga si kristne tru
Ekteparet Nayereh Arjaneh og Qasem Esmailible fra Nord-Iran
reiste til Tyrkia for å få bibelundervisning. Den skulle vise seg å ha en høy
pris. Det de hadde vært med på i Tyrkia ble oppdaget, og ekteparet ble
arrestert i sitt eget hjem 7. juli 2025.
Nayereh fikk den strengeste dommen og er den første som må tilbake for å sone i fengsel. Hun ble først løslatt mot kausjon, og senere siktet for «å fremme avvikende propaganda og lære i strid med islamsk lov», og dømt til fem års fengsel. Hun ble også siktet for «å gi økonomisk og materiell støtte til grupper tilknyttet sionistisk kristendom», og dømt til ytterligere fem år.
Ektemannen Qasem ble dømt separat til tre år og seks måneders fengsel. Straffen er ennå ikke fullbyrdet fordi han gjennomgår cellegift. Tenk deg det – han er syk, blir adskilt fra sin kone, og venter på å sone. Det koster å leve ut sin kristne tro i Iran.
Samtidig preges Iran av massive protester for frihet. Demonstrantene møtes med brutal statlig vold. Minst sju kristne er blant de tusenvis som er drept, og flere skal være både skadet og arrestert. Dette forteller at også kristne deltar i demonstrasjonene og at fredelige demonstranter for frihet møtes med vold og død.
Midt i dette sterke ropet om frihet og verdighet er også den kristne minoriteten utsatt.
Bønneemner
- Be om at Gud styrker og oppmuntrer Nayereh i fengselet,
og at hun får gode relasjoner til medfanger.
- Be om at Qasem blir helbredet fra kreften, og at
behandlingen virker.
- Be om at straffene blir gjenopptatt, og at
urettferdigheten i dommene blir erkjent og rettet opp.
- Be om at Iran stanser forfølgelsen av alle religiøse
samfunn som fredelig uttrykker sin tro.
- Be om at regimet i Iran stopper brutaliteten, drapene
og forfølgelsen og at folket i Iran sikres frihet og demokrati.
Dagens unådde folkeslag: Arabarar i Nord-Jemen
Be for dei få truande blant dei nordlege jemenittarabarane, at dei fruktbart kan så Guds ord blant familiane og samfunna sine, og drive ei rørsle av evangeliets bodskap frå hus til hus. Be om at arabiske familiar i aukande grad skal oppleve rettferda og tilgjevinga som berre finst i Jesus Kristus. Be om at nordlege jemenittarabarar skal få tilgang til bibelske ressursar på hjartespråket sitt.
Gloppen kommune i Vesland
mandag 12. januar 2026
Colombiansk pastor drepen nyttårsafta
På nyttårsafta vart pastor José Otoniel Ortega skoten fleire gonger av tre væpna angriparar i bydelen Santa Elena i fylket Magdalena i Colombia. Han vart frakta til ein nærliggande medisinsk klinikk, der han døydde.
Dette melder ICC, International Christian Concern
Han er den 11. colombianske pastoren som lid denne lagnaden sidan 2024.
Den 54 år gamle pastoren feira nyttåret saman med kona og barna sine då han vart skoten. Det colombianske rådet for evangeliske kyrkjer (CEDECOL) la ut ei fråsegn på Facebook der dei uttrykte sorg over hendinga.
– Denne hendinga fører med seg sorg, ikkje berre for familien og forsamlinga hans, men for heile den kristne kyrkja i Colombia, heitte det i fråsegna. – Vi hevar røysta vår til forsvar for livet og kallar på rettferd, fred og ein slutt på alle former for vald som held fram med å knusa heimar og lokalsamfunn.
Direktøren for påverknadsarbeid i Christian Solidarity Worldwide, Anna Lee Stangl, snakka med Premier Christian News om hendinga og peika på auken i målretta åtak på kyrkjeleiarar frå væpna kartell.
– Pastorar forkynner ofte bodskap om fred og avvising av vald og ulovleg verksemd, sa ho. – Det kan skapa problem for dei når det gjeld rekruttering av nye medlemmar.
Ortega er den ellevte kyrkjeleiaren som sidan november 2024 er drepen i Colombia. Det siste året har kriminelle organisasjonar myrda ti protestantiske leiarar. Ein katolsk prest vart kidnappa og seinare sleppt fri.
Stangl oppmoda den colombianske regjeringa til å ta opp att vernet for kyrkjeleiarar under dekret 1066, som gav vern til visse sårbare grupper. Religiøse leiarar var inkluderte i denne høgrisikokategorien fram til dekretet vart endra i 2023.
– I fleire år har vi oppmoda styresmaktene om å ta kyrkjeleiarar inn att under det nasjonale vernesystemet, sa Stangl. – Det ville òg vore fint å be for dette, slik at kyrkjeleiarar i Colombia får tilgang til dei verneordningane som finst, men som dei no er utestengde frå.
Styresmaktene leitar framleis etter gjerningsmennene. Samstundes står forsamlinga til Ortega, Foursquare Gospel Church, saman med familien hans og sørgjer over tapet av den trufaste pastoren sin.
Den 2. januar la kyrkja ut eit brev på sosiale medium til minne om Ortega.
– I dag seier vi ikkje farvel, men «vi sjåast snart», heitte det i brevet, – med vissheita om at vi ein dag skal møtast att i den evige herlegdomen, der det ikkje lenger skal vera smerte eller tårer, berre glede i nærværet til vår Herre Jesus Kristus.
Sak av Bella Agnello i ICC
Be om at illgjerningsmennene vert innhenta, arresterte og dømde.
Be om trøyst og styrke til familie, kyrkjelyd og vener
Dagens unådde folkeslag: Ansari, India
Stad i Nordfjord i Vestland
Iran, igjen
Herre Jesus Kristus!
Du er overordna alle jordiske styresmakter. Du er "den som lèt år og tider skifta, set kongar av og set kongar inn, og gjev dei vise visdom og dei vituge vit, " som me les i Daniel 2,21.
No ber me om at du i di store makt skal avsetja prestestyret i Iran, og unna det iranske folket politisk fridom og demokrati.
Me ber om at liv skal bli spart. Stopp revolusjonsgarden som skyt og drep verjelause menneske.
Stopp avretting av skuldlause menneske.
Gje generalane i hæren og politiet mot til å støtta demonstrantane.
Me ber om at dei ulike folkegruppene skal vera einige og samstemte om korleis landet skal styrast framover.
Me ber om at du skal avverga alt som kan føra til borgarkrig.
Me ber om "styrke, visdom, leiing og vern for dei kristne slik at dei kan vera eit lys i ein kaotisk og ekstrem situasjon." (Opne Dører)
Amen!
fredag 9. januar 2026
Dagens unådde folkegruppe: Tidikelt frå Algerie
Tidikelt tel 1300 menneske, og tilhøyrer berberfolket som er urbefolkning i Algerie. Dei levde i landet lenge før den arabiske invasjonen på 600-talet. Kyrkjefader Augustin var berber.
Tidikeltfolket er muslimar, om enn ikkje så dedikerte som arabarane. Dei er meir mottakelege for Guds evangelium.
Så ber me i dag far om at det må bli liv i gamle kristne røter i Nord-Afrika, og at tidikeltfolket skal oppdaga kven dei ein gong kjende, dyrka og elska. Amen!
Bremanger i Nordfjord i Vesland
Her nu et hus
Sig har reist af grus,
Lys over bygd det skal bære.
Gid det maa staa
Som et hjem for Guds smaa
Hvor det er yndig at være,
Og hvor hver tørstende synders sjæl
Læskes af lysets og livets væld.
Vogte da, Gud,
Gjennem tiderne du
Huset nu bygd til din ære!
Uden al svig
Lyde ordet frå dig,
Af dig velsignet det være!
Vi dig anraaber, O, Jesu Krist.
Komme dit rige baad’ her og hist!
Henta frå lokalavisa "Kringom"
Eg kan ikkje finna spor av frikyrkjeleg arbeid i Bremanger
Gode Gud og Far! Lytt du til bøna frå 1903, og gje ho eit sterkt gjensvar i 2026. Må Jesu namn få ære frå mange i Bremanger i tida som kjem, må riket ditt koma og viljen din råda i denne kommunen som i himmelen. Må evangeliet nå fram til kvar enkelt bremangar, og eta seg inn i hjarto deira, frelsa dei og føda dei på nytt ved Den Heilage Ande. Må det veksa fram sterke kristne fellesskap som står på Bibelen, og som er misjonerande og tenande i sin profil. Velsign kommunen med gode leiarar på alle nivå, og om velsigning over alt ærleg arbeid. Me ber om samhald i familiane, varme og rusfrie heimar og ungdomsmiljø. Me ber om folkevekst, høge fødselstal og ingen abortar.
Martyrkyrkja. Kristent ektepar drepen julafta i Niger
Om kvelden den 24. desember samla kristne seg til gudsteneste i ei kyrkje i Mailo-landsbyen, eit samfunn i Dosso-regionen i Niger. Rundt klokka 23 storma væpna menn inn i kyrkjebygget og skaut i lufta, noko som fekk dei frammøtte til å få panikk. Som eit resultat flykta alle som hadde vore på gudstenesta – nokre rømde ut i bushen, medan andre søkte tilflukt i nabobygder. Tragisk nok vart eit ektepar som gøymde seg i heimen sin, forfølgde og drepne av angriparane.
Dette
valdelege åtaket reflekterer den pågåande uroa forårsaka av opprørarar knytte
til al-Qaida og den islamske statens terrorgruppe. Landets militære har kjempa
mot desse opprørsgruppene i fleire år. Trass i truslane frå terroristane har
forholdet mellom kristne og muslimar i Niger generelt vore vennleg.
Hugs i bøn
familien, venene og kyrkjelyden som no sørgjer over det tragiske tapet av dette
kjære kristne paret. Be Herren om å også bringe helbreding til dei overlevande
som prøver å takle den emosjonelle traumet etter åtaket. Be om at styresmaktene
sine forsøk på å dempe dei valdelege aktivitetane til militante grupper vil bli
styrka, og bringe effektiv og varig tryggleik og stabilitet til sårbare samfunn
over heile landet. Midt i den noverande uroa, må Gud leie og styrke sitt folk i
denne vestafrikanske nasjonen til å leve som ambassadørar for hans fred,
tilgjeving og kjærleik.
Voice Of the Martyrs 9.januar
2026
onsdag 7. januar 2026
Grønland
President Donald Trump vil gjerne annektera Grønland. Han grunngjev dette med USA sitt tryggleiksbehov. Det liknar til forveksling på Vladimir Putin sin argumentasjon for å prøva å annektera Ukraina. Eg trur begge lyg. Deira agenda er økonomisk.
No ber me Gud om at Donald Trump skal leggja bort ideen om å annektera Grønland, og det ber me om i Jesu Kristi namn, i hans namn som står over alle makter og autoritetar, og som har det største namnet som nemnast kan i denne og i den komande verda. Amen!
To brannmenn truleg omkomne i brann i Verdal
Dei som truleg er omkomne var røykdykkarar som gjekk inn i det brennande huset, sikkert for å leita etter folk som eventuelt var i huset. Omstendene rundt dette er uklåre for meg enno.
No ber me i Jesu namn om at dei pårørande av desse brannmennene får den styrken dei treng for å bera og handtera sjokket og sorga. Me ber om at dei skal få svar på spørsmåla som rir dei som ei mare, og me proklamera fred over situasjonen og alle involverte.
Dagens unådde folkeslag: Rangrez i India.
Folketal: 360 000
Språk: Marathi (har heile Bibelen i oversetting)
Religion: Hinduisme
Kristne: 0,00%
Rangrez er ei lågkastegruppe som har spesialisert seg på farging av klede, og i den siste tida også på sal av klede.
Me ber, gode Gud, om at kristne i India skal kjenna på eit kall til å dela evangeliet med Rangrezfolket. Me ber om ei sterk vekkingsrørsle som driv heile familiar og småsamfunn til Kristus, og at du let dei erfara di velsigning i liva sine. Me ber om at medlemmer av kasterådet skal bli Jesu læresveinar som fører familiane sine til tru på den eine sanne Gud, den einaste som kan frelsa sjelene deira. Må dette folket bli råka av ei djup syndserkjenning, og ein radikal vilje til å snu seg bort frå avgudsdyrking, seksuell ureinskap, uærlegdom og alle gjerningar som høyrer mørket til.
Sunnfjord i Vestland
tirsdag 6. januar 2026
Dagens unådde folkeslag: Hira i India
Fjaler i Sunnfjord i Vestland
lørdag 3. januar 2026
Den venezulanske presidenten Nikolas Maduro arrenstert
I natt gjennomførte, på ordre frå USA-president Donald Trump, amerikanske spesialstyrkar ein aksjon i Venezuela sin hovudstad, Caracas, som munna ut i arrestasjon av den illegitime presidenten i landet, Nikolas Maduro. Han er no, saman med kona si, på veg til USA for å bli stilt for retten der for brot på landet sine narkotikalover.
I tillegg må det nemnast at denne Maduro har kjørt Venezuela på grunn, øydelagt økonomien, ført folket inn i djup, djup fattigdom, fengsla og utsett opposisjonelle for grove overgrep med det resultat at 8 millionar av befolkninga har flykta til andre land. Dei fleste venezuelanarane gleder seg over USA sin aksjon, men spør seg sikkert om kva som no kjem til å skje.
- Be om at heile maktapparatet i Venezuela blir bytta ut, og at dei som vann valet for to år sidan, med den valde presidenten Edmundo Gonzales og nobeprisvinnar Maria Corina Machado i spissen, skal innta regjeringskontora.
- Be om at landet skal bli gjenoppbygd og nå gamle høgder.
- Be om at islamistar, sosialistar og kommunistar må tapa all innflytelse over Venezuela.
Store protestar mot regimet i Iran og ayatollah Khamenei
Det iranske folket lever i stadig større armod. Det er mange grunnar til det. I skrivande stund opplever landet hyperinflasjon. Pengene dei har om morgonen er ingenting verd om kvelden. Resultatet er at basarane stenger, og folk demostrerer i gatene i dei store byane, noko som er livsfarleg. Det er meldt om 6 drepne så langt i samanstøytar med tryggingspolitiet. Folk er elles rasande på prestetyranniet som har plaga livet av dei sidane 1979. Det er ingen fridom for nokon som helst i Iran, og dei reelle makthavarane har isolert seg og står aldri på val. Landet er eit hyklerisk skinndemokrati. ¨
Store pengesummar vert kvar månad sendt ut av landet for å støtta terrorisorganisasjonar som Huthuane i Jemen, Hamas i Gaza og Hizbollah i Libanon med våpen og andre ting dei treng for å kunna bidra til Irans sjuke trong etter å knusa Israel og drepa jødar, medan det iranske folket knapt har til smør på skiva.
I tillegg har det vore lang tids tørke i landet.
Alt dette har ført til at folk flest for lengst har vendt seg bort frå islam.
Parallelt går det ei kristen vekking over landet som har eit omfang som får presteregimet til å skjelva skikkeleg i buksene. Jesu framgang er Irans håp.
- Be om vern for dei som no demonstrerer mot regimet.
- Be om at regimet i landet må falla
- Be om at Guds ord skal ha stadig større framgang
- Be om at Gud skal hjelpa folk med dei mange kvardagsproblema deira
To familiar huslause etter storbrann i Sandnes i går
To hus brann ned til grunnen i Sandnes i går kveld.
Be om styrke til dei to familiane som er berørte av denne tragedien.
40 omkomne i brann i nattklubb i Crans Montana i Sveits natt til 1. nyttårsdag, over hundre kritisk skadde
Me ber i Jesu namn om lækjedom for dei kritisk skadde, trøyst til dei som sørger over sine kjære og all mogeleg hjelp til redningsarbeidarane. Må det som har skjedd her få folk til å tenkja på deg, Jesus, og søkja sitt evige vel å venda om frå sine synder og begynna å følgja deg. Amen!
Askvoll i Sunnfjord i Vestland
Næringsliv: Jordbruk (husdyrhald), fiske, industri og kraftproduksjon
Stryn i Vestland
Kart: snl.no Innbyggjartal: 7311 Næringsliv: Skogbruk, jordbruk, industri, reiseliv Kyrkje og kristenliv: DNK har åtte sokn med tilhøyrand...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...