torsdag 15. januar 2015

Mange kristne arrestert i Iran under julefeiringa

Det er blitt ein tradisjon at iranske politi arresterer kristne rundt juletider. Slik også i 2014.
Mellom anna vart den 60 år gamle assyriske pastoren Victor Beth Tarmez (bilete) arrestert og fengsla saman med to konvertittar  og åtte andre i heimen til Tarmez den 26.desember. Dei var der saman med andre for å tilbe Jesus.  Samlinga vart av politiet stempla som "uautorisert og ulovleg." Forutan å arrestera pastor Tarmez, konfiskerte dei PC`en og bøkene  hans

Pastor Victor Beth Tarmez
Tarmez har i mange år trassa styresmaktene når dei har kravd av han skulle slutta å tala på farsi i kyrkja og gå heilt over til assyrisk. Dei har den ideen at kristendomen er for assyrarar. Iranarar er per defininsjon muslimar. Byter dei religion, er dei landssvikarar. Men Tarmez har frimodig talt på farsi, mange iranarar er komne til tru, og pastoren har vore ein "torn i kjøtet" til styresmaktene lenge.No er han fengsla, og familien er svært uroa over helsetilstanden hans sidan han er diabetikar. Dette melder World Watch Monitor i dag.

I tillegg til det som er nemnt ovanfor, vart 8 namngjevne kristne arresterte i ei anna huskyrkje.  Totalt er 11 enno i fangenskap. Nokre er altså slepte fri.

Iran er no nr. sju på Åpne Dører si forfølgingsliste. I fjor låg landet på 9.plass.

Herre Jesus! Takk for slike modige menn som Victor Beth Tarmez som forkynner evangeliet trass i sverdet som alltid heng over hovudet hans. Hans liv og dagar er i dine hender åleine. Gje han vern og lækjedom for diabetesen, og bruk han mektig overfor fangevaktarar, forhøyrarar og medfangar så lenge han er inne i fengsel. Styrk og vern familien hans mot alle farar, og gje dei alt dei treng av mat, klede og andre daglegdagse ting som er naudsynt for å leva. Takk for vekkinga i Iran. Må den vera totalt ustoppelen og breia om seg, og må din herlegdom i Jesus Kristus dekka heile landet som vatnet dekker havbotnen. Amen!


onsdag 14. januar 2015

Dagens unådde: Luwufolket i Indonesia

Luwu
Luwufolket bur langs kysten på Sulawesi. Dei har ei lang kulturhistorie. I holer kan ein finna 5000 år gamle veggmaleri som truleg laga av luwuar. Luwufolket gjekk over til islam alt i 1605. Dei er kunstneriske og dekorerer hus og låvar med rike utskjæringar og ornamenteringar. Luwufolket er bønder og dyrkar mange ulike vekstar. Trass i at dei er muslimar, praktiserer dei mykje trolldom og magi. I dette folket er gravferder ein utruleg viktig sak. Dei trur at dersom alt skjer som det skal, vil den døde lettare kunna forlata denne verda og gå trygt over i den neste. Språket dei snakkar er tàe. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket. Det er 301 000 luwuar i Indonesia. Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Må ditt dyrebare ord bli gjort tilgjengeleg for luwufolket i Indonesia. Må lyset i evangeliet nå fram til dei og fjerna det djupe åndelege mørkret dei lever i. Send din Ande til dei slik at dei kan få openberra for hjarto sine kven du er, og slik at det vert påtvingande viktig for dei å bli kvitt syndene sine. Forson dei med deg, og sett dei inn i forsoninga si teneste. Me ber om etablering av ei luwukyrkje som blir som ein by plassert på eit fjell, ein by du bur i og som folk kan søka tilflukt i og erfara frelse. Herre miskunna deg. Amen! 

 Luwu in Indonesia

Afrika 2. Hot Spots



SÅ mykje godt skjer i Afrika.
Men det er også nokre alvorlege problem som me skal fokusera på idag. Dei kallar på våre bøner.

1) Be Gud om å stoppa etniske konfliktar som det er mange av i Afrika. Dei flammar opp med  visse  mellomrom. Då er raseriet demonisk og mange. mange døyr på ein brutal måte. 

2) Be Gud om å stoppa "Herrens motstandshær" i Uganda som spreier død i mange land. Dei brukar barnesoldatar, praktiserer lemlesting og driv med bortføring og slaveri.

3) Be Gud om å stoppa Boko Haram som terroriserer heile Nord-Nigeria. Eit menneskeliv er lite verd i deira augo.  Be om at dei som forar dei med våpen også skal avslørast.

4) Be om rettferdige leiarar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, menn og kvinner som vil handla rettferdig og som besluttsamt og klokt jobbar for å stoppa og hindra krigar og konfliktar.

5) Be også for dei mange som har fått liva sine knuste i dei mange konfliktane at Gud bøyer seg ned til dei, løftar dei opp slik at dei kan byggja opp att det som no ligg i grus.

6) Be om at Somalia vert attreist som ein nasjon der det også er rom for Guds evangelium. I dag er landet eit uoversiktleg klansamfunn, og klanane ligg i krig med kvarandre for å kunna ta makta i landet. Det er ein knusande strategi. Hatet er djupt mellom folk, og i særleg grad til kristne som det kanskje berre finst nokre titals att av.

7) Be om at Gud ser i nåde til dei mange AIDS-sjuke. Det døyr 8000 menneske av denne forferdelege sjukdomen kvar dag.

8) Be om at folk lærer seg å ta avstand frå seksuell promiskuitet (som spreier AIDS-epedemien effektivt) og lærer seg å kun leva saman med ektefellen sin. Det vil raskt kunna stansa denne epedemien.

9) Be også om at det skal vera tilstrekkeleg hjelp å få for dei mange foreldrelause barna som har kome i forlenginga av AIDS-epedemien. 

tirsdag 13. januar 2015

Dagens unådde: Ilchamusfolket i Kenya


Ilchamusfolket er eit Maafolk som lever sør og søraust for Baringosjøen. Det er berre 36000 av dei. Samfunnet er hierarkisk, mannsdominert, fattig og dei fleste manglar grunnutdanning og kan dårleg lesa. Evangeliet må i stor grad koma til dei i munnleg form. Folket lever av å fiska frå små båtar laga av balsatre. Dei er forøvrig ivrige etter å læra nye ting som kan gjera liva deira lettare. Når det gjeld religion, så er dei animistar. Deler av Bibelen er omsett til samburu, som er det språket dei snakkar. Jesusfilmen er tilgjengeleg, og likeeins NT i lydformat.

Gode Far i himmelen! Me ber i dag om at ilchamusfolket i Kenya ,gjennom gode kenyanske kristne, skal få møta din kjærleik i Jesus Kristus og bli motivert ved Anden til å ta imot di frelse som ei fri og gratis gåve. Løft dette folket opp slik at dei ikkje berre lærer nye ting for å få betre livsvilkår, men for å bli kjent med deg, du som som skapte himmel og jord, og få bringa di ære til andre menneske. Fri dei frå djevelens makt og løgner slik at dei skundar seg til deg for å legga av synda som så lenge har hengt så fast ved dei. Vekk dei opp frå dei døde til eit nytt liv i Jesus Kristus, og etabler ei sterk ilchamuskyrkje som kan vera eit åndeleg kraftsenter for mange andre folk i det området der dei bur. Amen!

mandag 12. januar 2015

Afrika 1



 
I Afrika har kristendomen hatt ein eksepsjonell vekst det siste hundreåret. I år 1900 var 9,1 % av befolkninga kristne. I 2010 var prosenten auka til 48. Sør for Sahara tilhøyrer to tredeler den kristne trua. Omsett til menneske betyr dette at i år 1900 var det 7,5 millionar kristne, medan talet i 2010 var 504 millionar. Av desse er 182 millionar evangelisk kristne.

Ein viktig grunn til denne formidable veksten ligg i det som Operation World kallar Den tredje bølgja av pentecostal kristendom som har skylt over landa i sør. Dei som tilhøyrer denne sterke evangeliske rørsla lever etter Bibelens ord, driv aktiv misjon, forventar mirakel, er brennande i bøna og modige i møte med mørkers makter. 

I dag reknar ein med at 12000 afrikanarar kjem til tru på Jesus Kristus kvar dag.
Store globale bønerørsler som Global Day of Prayer starta i Afrika og hatt ein sterk innflytelse på heile verdsdelen, men også på resten av verda. Særleg har Nigeria fått ei besøkstid utanom det vanlege. På The Redeemed Christian Church sine Heilag Ande-gudstenester samlar det seg gjerne 500000 menneske for å prisa Jesus og be. Men dette er den mest kjende av mange slike eventar.
Den enorme veksten for Guds rike i Nigeria forklarar djevelens store mobilisering gjennom Boko Haram  i nord. Når Gud går fram har han ikkje anna å svara med enn grov og meiningslaus vald. 

Det at dei truande afrikanarane er så familiære med åndeleg krigføring, og gjerne dei brukar mange timar i bøn for nasjonane sine, er truleg den mest avgjerande faktor i den sensasjonelle kyrkjeveksten på dette kontinentet.

Mange av Afrikas leiarar og intellektuelle har kristen bakgrunn og er overgjevne og dedikerte kristne. Dei fører ein målretta kamp mot korrupsjon, sosial vondskap og urettferdige maktstrukturar. Følgene av dette har vore mange positive endringar over heile Afrika dei siste tiåra. Be om at denne trenden skal halda fram og styrka seg. 

Mange av Afrikas kyrkjer er misjonskyrkjer. Dei sender ut folk, og med små økonomiske midlar syner dei kreativitet i måten å driva misjon på. Fram til 2025 reknar nigerianske kyrkjer å senda ut 50000 misjonærar. Ein fin ting er den kontakten som evangeliske kyrkjer har med kvarandre på tvers av heile Afrika gjennom MANI (Movements for African National Initiatives). Gjennom denne organisasjonen samordnar, støttar og inspirerer dei kvarandre. 

Dei store utfordringane for Afrikas kristne i dag er er å nå muslimane i nord, takla den auka forfølginga frå islamistiske grupper som Boko Haram og Al-Shabab og starta bibeloversetting i alle språk der dette trengst. I Afrika vert det snakka over 2110 språk, og nokre hundre av dei treng oversetting.  Be om at Gud skal gjera dei modige og kloke i møte med forfølging, og at han gjev dei naudsynt vern. Be også om at dei skal sjå viktigheiten og verdien av å oversetja Bibelen til minoritetsspråk.

lørdag 10. januar 2015

Khasonkefolket i Mali


Khasonke er i hovudsak bønder. Dei rike har husdyr, medan dei fattige dyrkar peanøtter, forutan at dei jobbar som gjetarar for dei rike. Khasonke tel rundt 700 000 menneske. Dei er muslimar, men som så ofte elles i Afrika ser me at dei blandar animisme inn i trua si. Dei snakkar sitt eige språk med det vanskelege namnet Xaasongaxango. Det nye testamentet føreligg på dette språket både i tekst og lyd. Nokre yttarst få truande kristne er registrerte mellom dei.Reint vatn er ei mangelvare for khasonke.

Herre! Skap ein hunger etter ditt gode ord i hjarto til Khasonkefolket, og gjer deg personleg kjent for dei. Gje dei truande i folket Andens kraft og nåde slik at dei samlar seg og etablerer levande, kraftfulle og velordna kyrkjelydar som kan syna resten av folket, og nabofolka, vegen heim til deg. Må du også møta dei gjennom syner og draumar, og ved å gjera store og mektige undergjerningar mellom dei. Me ber også om at du skal syna dei vegen til gode vasskjelder, at barna skal få undervisning og bli godt budde til å leva i eit moderne og utfordrande samfunn.

Fengsla iranarar står fast i trua trass tøffe kår


 .

Ebrahim Hossin-Zadeh
Foto: Mohabat News
I november vart Ebrahim Hossin-Zadeh, som er leiar for huskyrkjerørsla i Shiraz i Iran, arrestert av tryggingspolitiet. Dei ransaka bustaden hans og konfiskerte PC, moblitelefon og bøker. Ingen veit kor dei har plassert han.

Farshi Fathi, som har sont fire år i fengsel av ein dom på seks, har fått utvida fengselsstraffa til sju år. Det var ein nedtur.

Behnam Irani har eitt år att av din dom i Karaj-fengslet. Helsa hans er dårleg. Men både han og dei andre iranarane som opplever tronge kår i fengsel, står fast i trua. Ja, ikkje berre det, trua blir rafinert gjennom liding, og når dei får smugla ut brev, andar dei av kjærleik til Jesus og profetisk klårleik.

Det positive er at  klagemåla mot Matthias Haghnejad og Silas Rabban for å ha "spreia oppløysing på jorda" og "fiendskap mot Gud"  er fråfalt. Dei er sett fri frå fangenskap. 

Gode Gud! Me takkar deg for alle dine barn i Iran, og spesielt dei som sit i fengsel og må lida for evangeliets skuld. Styrk dei mektig med din Ande og beskytt dei mot djevelens mange åtak og påfunn. Må dei vera lys i mørkre, og oppleva at både medfangar og fangevaktarar kjem til tru gjennom deira sterke liv og vitnemål. Sjå spesielt til Ebrahim Hassin-Zadeh i den fasen han no er i, og me ber om at rettferda skal sigra for alle dine tenarar i Iran, og at iranarar flest skal få erfara fridomen i Jesus Kristus.


Vekking mellom internflyktningar i Irak



Persecutinon.net melder no  gryande kristen vekking mellom internflyktningar i Irak. Mange muslimar har flykta frå IS-kontrollerte område til områder der dei kan vera trygge. Der møter dei kristne frå Vesten som hjelper dei med det mest naudsynte. Denne godleiken kombinert med den ufattelege brutaliteten dei har sett hos IS-krigarane, resulterer i at dei no opnar seg for evangeliet om Jesus Kristus. På bilete ser du ei julekrybbe som er sett opp i eit telt midt i leiren. Dette minnar flyktningane om at Jesus vart tilboden same kår på jorda som dei har fått.

Kjære Herre Jesus! Takk for alle som er i ferd med å koma til tru på deg i dei irakiske flyktningeleirane, og takk for dei kristne hjelpearbeidarane som legg livet sitt ned for desse flyktningane. Må du driva fleire arbeidsfolk ut til din haust i Irak, styrk og bevar dei som kjem til tru og gje nye og "gamle" truande all den utrustning dei treng for å takla utfordringane som ligg framom. Må din store barmhjetighet fløyma over alle som har måtta forlata alt sitt og som har mista fotfeste for sine jordiske liv. Gje dei ankerfeste i himmelen. Amen!

fredag 2. januar 2015

Fjelljødane i Aserbadsjan


Fjelljødane i Aserbadsjan reknar seg som eit levning frå ein av dei ti tapte Israels stammer som vart deporterte frå Israel av assyrarane i år 722 f.Kr. I heile Kaukasus er det 77000 slike. 9300 av dei bur i Aserbadsjan i følgje joshuaproject.net. Dei lever i isolerte landsbyar, dyrkar jorda og ønskjer minst mogeleg innblanding frå andre menneske. Dei legg stor vekt på etnisk reinleik, og det er berre lov å gifta seg internt. Fjelljødane er såleis svært utilgjengelege. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på det språket dei snakkar. Ingen fjelljødar i heile Kaukasus kjenner Jesus.

Herre Jesus! Du som sa at markene er mogne til haust, og at du treng haustarbeidarar for å få alle menneske inn i ditt rike, send dine trufaste og kloke tenarar til fjelljødane i Aserbadsjan for å gjera din godleik og di frelse tilgjengeleg for dei. Må dei med sitt audmjuke vesen og kraftfulle liv vekka tillit hos desse jødane slik at dei begynner å tørsta etter deg og strekka seg etter å få drikka av det levande vatnet som berre du kan gje dei. Må dei få smaka ditt rikes krefter, slik at dei opnar hjarto sine for deg, kvarandre og for dei menneska dei har rundt seg. 




Afadefolket i Nigeria


Størstedelen av Afadefolket lever i Nigeria (39000). I Kamerun er det 6500 av dei. Dei tilhøyrer ei større gruppe som går under nemninga "kirdi", og som i hovudsak er å finna i Kamerun og Chad. Gjennom historia har dei vore underlagt mange andre folk: tuaregane, fulaniane og kanurifolket. Dei er muslimar og snakkar "afade", eit språk som døyr ut etter kvart som folket vert assimilerte med andre folk og stammer. Trua deira er ikkje reinskoren islam. Dei blandar inn mykje folketru og, det som mange andre muslimar vil kalla, heidensk praksis. Klea deira syner at dei er muslimar. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på afade. Nokre få truande kristne er registrerte mellom dei.Dei bur i eit område som i dag er ille plaga av Boko Haram.
Kjelde: www.joshuaproject.net

Herre Jesus Kristus!

Må frukta av din død og di oppstode koma afadefolket til gode. Send dine pionerar til dei som kan leva saman med dei, elska dei, læra å kjenna språket og kulturen deira , og som kan dela evangeliet med dei på ein truverdig måte i ord og gjerning.

Aus din Ande ut over dei slik at under og teikn og gode ting skjer i liva deira. Løys dei frå djevelens makt, frå all magi, trolldom og  falsk gudsdyrking som held dei bundne til han. Må dei kasta alle avgudane ut av liva sine og lukka deg inn, du som er den einaste sanne Gud og frelsar for alle menneske. Må dei bøya kne for Deg og sanna at du åleine er Herre, til Gud vår Fars ære.  Må Ordet opplysa dei slik at dei ser syndene sine, angrar på det galne dei har gjort,  vender om til deg av heile sitt hjarta, lukkar deg inn i liva sine,  blir fødde på nytt og får evig liv.

Må du bygga alle dei truande i folket  saman til  ei sterk, vital, varm, tilbedande og misjonerande kyrkje som kan vera eit fyrtårn som syner alle i folket vegen tilbake til deg og Farshuset.

 

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....