fredag 2. januar 2015

Fjelljødane i Aserbadsjan


Fjelljødane i Aserbadsjan reknar seg som eit levning frå ein av dei ti tapte Israels stammer som vart deporterte frå Israel av assyrarane i år 722 f.Kr. I heile Kaukasus er det 77000 slike. 9300 av dei bur i Aserbadsjan i følgje joshuaproject.net. Dei lever i isolerte landsbyar, dyrkar jorda og ønskjer minst mogeleg innblanding frå andre menneske. Dei legg stor vekt på etnisk reinleik, og det er berre lov å gifta seg internt. Fjelljødane er såleis svært utilgjengelege. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på det språket dei snakkar. Ingen fjelljødar i heile Kaukasus kjenner Jesus.

Herre Jesus! Du som sa at markene er mogne til haust, og at du treng haustarbeidarar for å få alle menneske inn i ditt rike, send dine trufaste og kloke tenarar til fjelljødane i Aserbadsjan for å gjera din godleik og di frelse tilgjengeleg for dei. Må dei med sitt audmjuke vesen og kraftfulle liv vekka tillit hos desse jødane slik at dei begynner å tørsta etter deg og strekka seg etter å få drikka av det levande vatnet som berre du kan gje dei. Må dei få smaka ditt rikes krefter, slik at dei opnar hjarto sine for deg, kvarandre og for dei menneska dei har rundt seg. 




Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....