Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 14. januar 2015
Afrika 2. Hot Spots
SÅ mykje godt skjer i Afrika.
Men det er også nokre alvorlege problem som me skal fokusera på idag. Dei kallar på våre bøner.
1) Be Gud om å stoppa etniske konfliktar som det er mange av i Afrika. Dei flammar opp med visse mellomrom. Då er raseriet demonisk og mange. mange døyr på ein brutal måte.
2) Be Gud om å stoppa "Herrens motstandshær" i Uganda som spreier død i mange land. Dei brukar barnesoldatar, praktiserer lemlesting og driv med bortføring og slaveri.
3) Be Gud om å stoppa Boko Haram som terroriserer heile Nord-Nigeria. Eit menneskeliv er lite verd i deira augo. Be om at dei som forar dei med våpen også skal avslørast.
4) Be om rettferdige leiarar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, menn og kvinner som vil handla rettferdig og som besluttsamt og klokt jobbar for å stoppa og hindra krigar og konfliktar.
5) Be også for dei mange som har fått liva sine knuste i dei mange konfliktane at Gud bøyer seg ned til dei, løftar dei opp slik at dei kan byggja opp att det som no ligg i grus.
6) Be om at Somalia vert attreist som ein nasjon der det også er rom for Guds evangelium. I dag er landet eit uoversiktleg klansamfunn, og klanane ligg i krig med kvarandre for å kunna ta makta i landet. Det er ein knusande strategi. Hatet er djupt mellom folk, og i særleg grad til kristne som det kanskje berre finst nokre titals att av.
7) Be om at Gud ser i nåde til dei mange AIDS-sjuke. Det døyr 8000 menneske av denne forferdelege sjukdomen kvar dag.
8) Be om at folk lærer seg å ta avstand frå seksuell promiskuitet (som spreier AIDS-epedemien effektivt) og lærer seg å kun leva saman med ektefellen sin. Det vil raskt kunna stansa denne epedemien.
9) Be også om at det skal vera tilstrekkeleg hjelp å få for dei mange foreldrelause barna som har kome i forlenginga av AIDS-epedemien.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ei bøn for Israel under åtak
• Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! • Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...
-
Hellas er eit land på 132 000 kv km og med eit folketal på vel 11 millionar. Dette landet har ein overmåte rik kulturarv frå antikkens tid, ...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Dag 2 (7. mai) – Egypt kjelde: www.30dagersbonn.no Gjestfrihetens tradisjoner i forandring Egyptiske kristne server gratis ifta...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar