mandag 12. januar 2015

Afrika 1



 
I Afrika har kristendomen hatt ein eksepsjonell vekst det siste hundreåret. I år 1900 var 9,1 % av befolkninga kristne. I 2010 var prosenten auka til 48. Sør for Sahara tilhøyrer to tredeler den kristne trua. Omsett til menneske betyr dette at i år 1900 var det 7,5 millionar kristne, medan talet i 2010 var 504 millionar. Av desse er 182 millionar evangelisk kristne.

Ein viktig grunn til denne formidable veksten ligg i det som Operation World kallar Den tredje bølgja av pentecostal kristendom som har skylt over landa i sør. Dei som tilhøyrer denne sterke evangeliske rørsla lever etter Bibelens ord, driv aktiv misjon, forventar mirakel, er brennande i bøna og modige i møte med mørkers makter. 

I dag reknar ein med at 12000 afrikanarar kjem til tru på Jesus Kristus kvar dag.
Store globale bønerørsler som Global Day of Prayer starta i Afrika og hatt ein sterk innflytelse på heile verdsdelen, men også på resten av verda. Særleg har Nigeria fått ei besøkstid utanom det vanlege. På The Redeemed Christian Church sine Heilag Ande-gudstenester samlar det seg gjerne 500000 menneske for å prisa Jesus og be. Men dette er den mest kjende av mange slike eventar.
Den enorme veksten for Guds rike i Nigeria forklarar djevelens store mobilisering gjennom Boko Haram  i nord. Når Gud går fram har han ikkje anna å svara med enn grov og meiningslaus vald. 

Det at dei truande afrikanarane er så familiære med åndeleg krigføring, og gjerne dei brukar mange timar i bøn for nasjonane sine, er truleg den mest avgjerande faktor i den sensasjonelle kyrkjeveksten på dette kontinentet.

Mange av Afrikas leiarar og intellektuelle har kristen bakgrunn og er overgjevne og dedikerte kristne. Dei fører ein målretta kamp mot korrupsjon, sosial vondskap og urettferdige maktstrukturar. Følgene av dette har vore mange positive endringar over heile Afrika dei siste tiåra. Be om at denne trenden skal halda fram og styrka seg. 

Mange av Afrikas kyrkjer er misjonskyrkjer. Dei sender ut folk, og med små økonomiske midlar syner dei kreativitet i måten å driva misjon på. Fram til 2025 reknar nigerianske kyrkjer å senda ut 50000 misjonærar. Ein fin ting er den kontakten som evangeliske kyrkjer har med kvarandre på tvers av heile Afrika gjennom MANI (Movements for African National Initiatives). Gjennom denne organisasjonen samordnar, støttar og inspirerer dei kvarandre. 

Dei store utfordringane for Afrikas kristne i dag er er å nå muslimane i nord, takla den auka forfølginga frå islamistiske grupper som Boko Haram og Al-Shabab og starta bibeloversetting i alle språk der dette trengst. I Afrika vert det snakka over 2110 språk, og nokre hundre av dei treng oversetting.  Be om at Gud skal gjera dei modige og kloke i møte med forfølging, og at han gjev dei naudsynt vern. Be også om at dei skal sjå viktigheiten og verdien av å oversetja Bibelen til minoritetsspråk.

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....