Det er blitt ein tradisjon at iranske politi arresterer kristne rundt juletider. Slik også i 2014.
Mellom anna vart den 60 år gamle assyriske pastoren Victor Beth Tarmez (bilete) arrestert og fengsla saman med to konvertittar og åtte andre i heimen til Tarmez den 26.desember. Dei var der saman med andre for å tilbe Jesus. Samlinga vart av politiet stempla som "uautorisert og ulovleg." Forutan å arrestera pastor Tarmez, konfiskerte dei PC`en og bøkene hans
Tarmez har i mange år trassa styresmaktene når dei har kravd av han skulle slutta å tala på farsi i kyrkja og gå heilt over til assyrisk. Dei har den ideen at kristendomen er for assyrarar. Iranarar er per defininsjon muslimar. Byter dei religion, er dei landssvikarar. Men Tarmez har frimodig talt på farsi, mange iranarar er komne til tru, og pastoren har vore ein "torn i kjøtet" til styresmaktene lenge.No er han fengsla, og familien er svært uroa over helsetilstanden hans sidan han er diabetikar. Dette melder World Watch Monitor i dag.
I tillegg til det som er nemnt ovanfor, vart 8 namngjevne kristne arresterte i ei anna huskyrkje. Totalt er 11 enno i fangenskap. Nokre er altså slepte fri.
Iran er no nr. sju på Åpne Dører si forfølgingsliste. I fjor låg landet på 9.plass.
Herre Jesus! Takk for slike modige menn som Victor Beth Tarmez som forkynner evangeliet trass i sverdet som alltid heng over hovudet hans. Hans liv og dagar er i dine hender åleine. Gje han vern og lækjedom for diabetesen, og bruk han mektig overfor fangevaktarar, forhøyrarar og medfangar så lenge han er inne i fengsel. Styrk og vern familien hans mot alle farar, og gje dei alt dei treng av mat, klede og andre daglegdagse ting som er naudsynt for å leva. Takk for vekkinga i Iran. Må den vera totalt ustoppelen og breia om seg, og må din herlegdom i Jesus Kristus dekka heile landet som vatnet dekker havbotnen. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar