Størstedelen av Afadefolket lever i Nigeria (39000). I Kamerun er det 6500 av dei. Dei tilhøyrer ei større gruppe som går under nemninga "kirdi", og som i hovudsak er å finna i Kamerun og Chad. Gjennom historia har dei vore underlagt mange andre folk: tuaregane, fulaniane og kanurifolket. Dei er muslimar og snakkar "afade", eit språk som døyr ut etter kvart som folket vert assimilerte med andre folk og stammer. Trua deira er ikkje reinskoren islam. Dei blandar inn mykje folketru og, det som mange andre muslimar vil kalla, heidensk praksis. Klea deira syner at dei er muslimar. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på afade. Nokre få truande kristne er registrerte mellom dei.Dei bur i eit område som i dag er ille plaga av Boko Haram.
Kjelde: www.joshuaproject.net
Herre Jesus Kristus!
Må
frukta av din død og di oppstode koma afadefolket til gode. Send dine
pionerar til dei som kan leva saman med dei, elska dei, læra å kjenna
språket og kulturen deira , og som kan dela evangeliet med dei på ein
truverdig måte i ord og gjerning.
Aus din
Ande ut over dei slik at under og teikn og gode ting skjer i liva
deira. Løys dei frå djevelens makt, frå all magi, trolldom og falsk
gudsdyrking som held dei bundne til han. Må dei kasta alle avgudane ut
av liva sine og lukka deg inn, du som er den einaste sanne Gud og
frelsar for alle menneske. Må dei bøya kne for Deg og sanna at du åleine
er Herre, til Gud vår Fars ære. Må
Ordet opplysa dei slik at dei ser syndene sine, angrar på det galne dei
har gjort, vender om til deg av heile sitt hjarta, lukkar deg inn i
liva sine, blir fødde på nytt og får evig liv.
Må du bygga alle dei truande i folket saman til ei sterk, vital, varm, tilbedande og misjonerande kyrkje som kan vera eit fyrtårn som syner alle i folket vegen tilbake til deg og Farshuset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar