Ebrahim Hossin-Zadeh Foto: Mohabat News |
Farshi Fathi, som har sont fire år i fengsel av ein dom på seks, har fått utvida fengselsstraffa til sju år. Det var ein nedtur.
Behnam Irani har eitt år att av din dom i Karaj-fengslet. Helsa hans er dårleg. Men både han og dei andre iranarane som opplever tronge kår i fengsel, står fast i trua. Ja, ikkje berre det, trua blir rafinert gjennom liding, og når dei får smugla ut brev, andar dei av kjærleik til Jesus og profetisk klårleik.
Det positive er at klagemåla mot Matthias Haghnejad og Silas Rabban for å ha "spreia oppløysing på jorda" og "fiendskap mot Gud" er fråfalt. Dei er sett fri frå fangenskap.
Gode Gud! Me takkar deg for alle dine barn i Iran, og spesielt dei som sit i fengsel og må lida for evangeliets skuld. Styrk dei mektig med din Ande og beskytt dei mot djevelens mange åtak og påfunn. Må dei vera lys i mørkre, og oppleva at både medfangar og fangevaktarar kjem til tru gjennom deira sterke liv og vitnemål. Sjå spesielt til Ebrahim Hassin-Zadeh i den fasen han no er i, og me ber om at rettferda skal sigra for alle dine tenarar i Iran, og at iranarar flest skal få erfara fridomen i Jesus Kristus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar