Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Kjelder: CIA World Factbook.
Pray for the world (Patrick Johnstone)
Folketal: 31 304 016 (juli 2016)
912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1% dyrkbar jord.
Språk: Spansk. Totalt: 47 språk
Religion: 25 millonar kristne. 3,1 millionar av dei er evangeliske.
Det evangeliske gjennombrotet kom til landet først på 1980-talet.
Det føregår i dag ein omfattande kyrkjeplanting, og den årlege veksten på nye kristne blant nokre av urinnvånarane er så stor som 10% .
Venezuela er eitt av dei mest vanstyrte landa i verda. Trass i store olje og gassreservar (verdas 4. største oljeprodusent), lever folket i den djupaste fattigdom og manglar tilgang til heilt vanlege daglegvarer. Inflasjonen i landet er galopperande, Mange reiser til Colombia for å handla mat og medisiner, og banale men viktige ting som bleier. 60% av venezuelanarane lever i slum. Men akkurat DET er ikkje av ny dato. Den siste tids nedgang starta med at sosialisten Hugo Chaves kom til makta i 1999, og vart erstatta med Nicolas Maduro i 2013. Sosialistregimet til desse to karane har bygd ned alle demokratiske instituasjonar, fjerna ytringsfridomen og fengsla opposisjonelle. Regjeringa fører ein streng priskontroll som effektivt hindrar alle investeringar frå folk som driv forretning. Styresmaktene kveler næringslivet, slik som tilfelle var i Sovjetunionen i "hine hårde dager". Det høyrer også med til bilete av sidan år 2000 har over ein million frå øvre-middelklasse emigrert, vel utdanna og flinke folk. Denne "hjerneflukten" har hatt uoverskuelege negative følgjer for landet. No flyktar også folk som står lågare på rangstigen og søkjer asyl i nabolanda. Det er stor uro i landet, og titt og ofte er det fare for ein djupare og meir omfattande valdeleg konflikt.
Be om at Gud skal intervenera og berga landet frå blodig konflikt, djup splitting og store ulukker.
Be om at han må fjerna dei inkompetente leiarane som no sit ved spakane. Me ser no at det veks fram leiarar med politisk talent mellom dei evangeliske. Be om at desse må få innflytelse, og at dei skal vera med å byggja opp solide demokratiske institusjonar.
Takk for den store kyrkjeveksten mellom dei evangelisk kristne dei siste åra, og be om at Gud skal halda fram med å fremja sitt verk.
Be om at nye kristne skal innlemmast i levande kyrkjelydar, bli utrusta med Andens gåver og få forsvarleg disippelopplæring.
Be om at den katolske kyrkja skal venda seg bort frå alt avguderi og at katolikkane skal kasta helgenane på båten og halda seg til Kristus åleine.
Be om at Anden skal ausast ut over alle venezuelanarar, og landet skal bli bada i Guds lys, og at folks hjarto skal vendast mot Gud i lovprisning og forløyst glede.
Be om at folket skal bli transformert av Den Heilage Ande, at kriminelle skal endra levemåte og bli rettsindige, ærlege og rause menneske som vernar sin neste og ikkje trugar han.
Be om at dei mange som rusar seg skal bli edruelege.
Enorme mengder kokain passerer gjennom Venezuela på veg mot Europa. Be om at denne trafikken skal stoppast i Jesu namn.
Okkultismen er omfattande i Venezuela (85% av befolkninga er involvert) som elles i Latin Amerika. Be om at Gud skal løysa dei okkulte frå djevelens makt og reinsa landet for slikt som berre nedkallar destruksjon i folks liv.
Seksuelt misbruk av barn er omfattande, likeeins alle typar seksualisert vald. Be i Jesu namn at dette skal ta slutt, og landet skal bli reinsa frå ureine ånder som inspirerer folk til å gjera forferdelege ting med kvarandre, og at Han skal lækja alle skadelidande med sin barmhjertinghet.
Mange barn lever på gata. Dei rusar seg og er enormt sårbare. Be om at Gud skal passa på dei og vekkja dei vaksne til dåd for dei små verjelause.
Be om at unådde stammer skal bli nådd med evangeliet. Regjeringa sette i 2005 ein stoppar for dette heilt grunnleggjande misjonsarbeidet.
29 748 859 innbyggjarar. 80% usbekarar, som er eit tyrkisk folkeslag. 5,5% russarar. 5% tadsjikarar, som er eit persisk-medisk folkeslag.
Hovudstad; Tashkent (2,2 mill)
Dei fleste menneska bur tett heilt i aust, i den svært fruktbare Ferganadalen. Elvar frå mektige fjell samlar seg i Ferganadalen og legg grunnlag for rik bomullsproduksjon. Her er den årlege folketalsveksten på 32%. Den berømte Silkevegen går gjennom dette lange dalføret.
Dei sentrale delane av landet er øydemark. Heilt i vest ligg Aralsjøen. Den er halvveges tørrlagt pga irrigasjon i samband med at Josef Stalin bestemte at området skulle nyttast til bomullsproduksjon. Dette har skapt enorme miljøproblem.
Landet er meir enn sjølvforsynt med olje og gass. Elles vert det vunne ut mange ulike verdfulle mieraler som gjev eksportinntekter.
Trass i store naturrikdomar, er folk flest fattige, og kjempar for å få endane til å møtast. Her er det enkeltpersonar som forsyner seg rått av inntektene, og korrupsjonen er høg.
Landet vart okkupert av Russland seint på 1800-talet, og i 1924 innlemma i Sovjetunionen, men reiv seg laus og vart sjølvstendig nasjon i 1991 då Sovjetsambandet løyste seg opp.
88% av befolkninga er muslimar. 9% ortodokse kristne. I 2010 var det 85000 evangelisk kristne i landet, men dette talet er nok høgare no.
Det er strengt forbode å driva kristen misjon retta mot usbekarar. Den usbekiske kyrkja er ei undergrunnskyrkje som stadig er utsett for forfølging og trakassering. Likevel går evangeliet fram i landet, og dei truande er brennande og ivrige for Kristus.
Be om at Usbekistan skal bli heilt gjennomsyra av evangeliet og transformert av Den Heilage Ande.
Be om at dei truande skal ha tilgang på biblar, leva misjonalt og at nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort.
Be om at dei truande skal bli verna mot overgrep, og at dei skal leva klokt og sterkt.
Be om at landet skal få rettferdige politiske leiarar som tener folket sine interesser, og ikkje sine eigne.
Be om at folket skal få innsikt i korleis dei skal kunna løysa dei store miljøproblema som landet står overfor. Det er snakk om ørkenspreiing, vassmangel og forgiftning av jordsmonn pga kjernefysisk avfall frå atomkraftverka.
Kjelder: CIA world factbook og Patrick Johnsones "Pray for the World"
Uruguay sin historie går attende til 1726 då spanjolane grunnla Montevideo som eit handellssenter verna av militære festningsmurar. Byen har ei lun hamn som eignar seg godt for utskiping av varer.
Vart sjølvstendig frå Spania i 1828, etter tre års frigjeringskrig.
Landet, som har i stor grad vore styrt av det militæret og autoritære krefter, fekk eit demokratisk styresett i 1985, etter mange års borgarkrig mot marxistiske grupper. Uruguay er i dag ein republikk styrt av ei sentrums-vensterregjering leida av presidenten, og folket nyt stor grad av fridom.
Folketal: 3 360 000. 88% kvite. 8% mestisar, 4% svarte. Det er ingen att frå den opprinnelege urbefolkninga. Dei vart effektivt utsette for etnisk reinsing då spanjolane braut seg inn i landet.
Topografi: Sletteland. Manglar fjell. Gjennomsnittshøgda er 109 meter. 88% jordbruksareal, det meste beiteland (pamapas). Sårbart for flaumar og kraftige vindar.
Næringsliv: Jordbruk. Gruvedrift. Uruguay er velståande og har eit utbygd sosialt tryggjingssystem.
Språk: Spansk.
47% av befolkninga tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Berre 2% går til messe.
7-8% er evangelisk kristne
Den trusretninga som veks snøggast i dag er afro-brasiliansk spiritisme.
Kristen tru og tanke har liten innflytelse over innbyggjarane i Uruguay. Religionen er blitt veldig privatisert, og kvar enkelt har ein tendens til å miksa sin eigen religiøse coktail sterkt influert aNew Age-tenkegods.
Sex utanfor ekteskap, abort, homoseksualitet, likekjønna ekteskap er blitt folkesynder. Hasjrøyking er svært utbreidd og har høg legitimitet.
Resultatet er høge tal for sjølvmord, depresjon og skilsmisse.
Dei siste åra har imidlertid ting begynt å snu i positiv retning. Målretta misjonsarbeid frå dei evangeliske har bore frukter, og talet på truande og på kyrkjelydar meir dobla seg frå 1998 til 2005.
Be om at innhaustinga skal halda fram, at nye truande vert disippelgjort til å vinna og fostra nye truande til å bli sanne disiplar av Jesus Kristus.
Be om at det skal etablerast levande kyrkjelydar i alle områder der det er naudsynt.
Be om at den gode Gud må senda sin Heilage Ande til Uruguay, bada landet i sitt lys, fri folket frå djevelens makt og attreisa kyrkja si som ein sterk forvaltar av Guds ord, full av kjærleik og himmelkraft.
Be om at dei truande også skal nå fram til øvre-middelklasse langs kysten som lever i materiell velstand men i djup åndeleg fattigdom.
Folketal i 2017: 326 625 791 Areal: 9,8 mill km2. Hovudstad: Washington DC.
Folk: 58,1% med europeisk opphav (kaukasiske), 14,7% latinamerikanarar, 12,2% afroamerikanarar, 6,6% eurasiatar, 1,8% jødar, 1,6% frå aust-Asia. Berre 0.6% tilhøyrer dei gamle indianerstammene, som er USA sine urinnvånarar.
Språk: Engelsk. 34 mill har spansk som daglegspråk. Totalt blir det snakka 176 språk.
Økonomi: USA har verdas største økonomi. Landet rår over enorme naturrikdomar som kol, olje og naturgass forutan mineraler som jern, molybden, gull, sølv, kvikksølv, kalium, koppar, bly, uran, fosfor, bauxit, nikkel, for å nemna noko.
USA er ein høgt utvikla industrinasjon, og absolutt leiande innan teknologi og vitskap. Mykje av industrien har slite tungt dei siste åra, og særleg bilindustrien som ikkje har klart konkurransen med europeiske, japanske og koreanske bilar.
Landet er også ein leiande kulturnasjon, og då særleg innan film, TV-seriar og musikk. Gjennom multinasjonale selskap som Google, Apple og Micrsoft, bestemmer dei mykje av kva verdas folk skal vera opptekne av, tenkja og meina.
USA står for store deler av verdas matvareproduksjon. 44% av arealet er jordbruksareal fordelt på 17% åkerland og 27% beiteland. Enorme skogsområder i nord.
Topografi: Åslandskap i aust. Høgfjell i vest. Prærien ligg i mellom. Denne er gjennomvevd av elvar som tilhøyrer Missisippi-Misouri-sysemet. Tilgang på vatn gjer desse områda dyrkbare. Ørkenlandskap i søraust. I vest trengjer Stillehavsplata seg inn under det amerikanske fastlandet og forårsakar landheving (Rocky Mountains), vulkanisme og stor jordskjelvsaktivitet.
Landet er ekstremt utsett for orkanar og tornadoar. Kvart år ser me store øydeleggjingar.
Landet er inndelt i 52 statar som har stor grad av sjølvstyre og sine eigne lovverk.
Politikk: USA vert føderalt styrt av ein kongress med to kammer, Representanthuset og Senatet. Presidenten har vide fullmakter, men må ha støtte i Kongressen for å vera effektiv.
Landet vart konstituert i 1776 då dei 13 koloniane i aust reiv seg laus frå England som kolonimakt. Borgarkrigen frå 1860-64 var utarmande. USA intervenerte i 1. og 2. verdskrigen i Europa og sørga for at vestmaktene vann fram. Utan USA ville verda sett heilt annleis ut i dag, og me hadde lite truleg hatt eit levande demokrati i det heile tatt.
USA er også leiande innafor alt som handlar om romfart. Prestasjonane deira der er utan sidestykke.
Etter terroråtaka 11.september 2001, har USA leia kampen mot terrorisme i verda. Dette har ført dei ut i krigar i Afghanistan, Libya og Irak som har vore lite vellukka og svart øydande. Desse krigane har endra den globale politikken drastisk.
79% av befolkninga har kristen tilknytning. 46,5% er protestantar. 20% er katolikkar. Mellom 90 og 100 mill er evangelikale kristne. Desse er eit resultat av ein uvanleg rik vekkjinghistorie.
Men det er sekularismen og ateismen som er det raskast veksande livssynet i USA no.
I USA lever 17% av verdas protestantar og 16% av alle evangelikale kristne. Det er 2000 teologiske institusjonar i landet som kvart år utdannar 30-50000 nye kandidatar som ynskjer å vinna menneske for Kristus og påverka verda med evangeliet. Be om at dette må halda fram og ta seg meir og meir opp. Be om at kyrkja skal foredlast, mognast, utrustast, multipliserast og veksa opp til Kristus, han som er hovudet for kroppen sin.
Det er grunn til å takka Gud for den velsigning som har tilflote oss alle frå dette landet, for den enorme misjonsinnsatsen dei truande har stått for og framleis står for. Dei aller fleste misjonærar i verda kjem faktisk frå USA, og landet driv med omfattande hjelpe og utviklingstiltak i fattige og sårbare nasjonar.
Den kristne arven har dei siste åra vore under knallhardt press frå ateistar og New Age-grupper som brukar media svært målretta for å latterleggjera og undergrava kristen tru og tanke. Be om at dei truande må frimodig halda fram med å forkynna evangeliet i kjærleik, og at Anden igjen skal ausast ut over folk og setja dagsorden for kva som er rett, godt og viktig og reinsa dei frå synd og urett av alle slag.
Det renn ei gamal åre av valdsromantikk gjennom det amerikanske folket som resulterer i mykja våpenbruk og mange drap. Be om at dette skal stoppast i Jesu namn.
Landet har ein svært liberal abortpraksis. Over to millionar barn vert drepne kvart år. Be om at denne uretten skal ta slutt i Jesu namn.
Be om at presidenten i landet må oppføra seg forstandig, og at han må vera sannferdig og lytta til dei gode rådgjevarane sine.
Be om at det skal veksa fram nye kristne leiarar i USA av stort format, leiarar som verkar samlande på dei truande. Det har vore enormt med kjøtleg strid og splitting mellom dei kristne, og det har verka åndeleg utarmande mange stader. 80% av kyrkjelydane i USA er anten i stagnasjon eller dei har tilbakegang. Be om at dette skal snu i Jesu namn.
Be om at amerikanske styresmakter skal ta eit radikalt og reelt oppgjer med all den grove uretten europearane gjennom hundreåra har utøvd overfor dei mange indianske stammene, og utbetala heilt naudsynt erstatning. Be om at kristne må gå fremst i dette forsoningsarbeidet.
Det er millionvis av muslimar, hinduar og buddhistar i USA som aldri har høyrt evangeliet om Jesus. Be om at kyrkja skal nå ut til dei, og at Gud skal berøra dei kraftig med sitt ord sin Ande.
Be om at den misjonale disippelrørsla som no veks fram i USA, ikkje minst gjennom Exponentialrørsla, skal resultera i ny vekst i talet på kristne og i talet på kyrkjer.
Suodi er ei stamme på 240 000 menneske. Dei er å finna sørvest i Kina, mot grensa til Myanmar.
Nokre ytterst få av dei er romersk katolske.
Dei snakkar sitt eige språk, og ingen deler av Bibelen føreligg på suodi.
Suodifolket har ein lang historie med vald, slaveri og krig.
Hovudsyssel i dag er handel, jordbruk og husdyrsdrift.
Dei er animistar og har eit komplekst og litt innvikla gudegalleri.
Be om at suodifolket skal bli "oppdaga" av dei mange offensive kinesiske "nykristne", og at desse skal ta ansvar for å disippelgjera dei.
Be om at Anden skal ta tak i tankane deira og hjelpa dei å forstå at dei er skapt av Gud, at Gud er èin og at dei er elska av den eine sanne Gud.
Be om at dei skal forstå at dei må bli frelst for sine synder, og at Gud gjer dei mottakelege for den frelsa han har gjeve oss mennesker i Jesus Kristus.
Be om at Gud skal gjera under for dei når dei ber til han i Jesu namn.
Be om at Gud skal samla dei nye truande i ei vital og sterk suodikyrkje.
og at denne kyrkja skal vera eit sterkt Jesuslys for heile folket
Dei sameinte arbaiske emiratane såg dagens lys 2. desember 1971 som eit resultat av at sju gamle sheikdømmer slo seg saman til èin republikk som idag har vel 6 mill. innbyggjarar. 88% er arbeidsinnvandrarar. Hovudsstaden er Abu Dhabi. Landet rår over enorme oljerikdomar, og er blitt ei leikegrind for verdas rikaste og mektigaste menneske. Det er over 600 000 kristne i landet, dei fleste arbeidsinnvandrarar, og dei nyt høg grad religionsfridom. Stadig fleire gulfarbararar vender seg no mot Kristus. Landet er orientert mot USA og Saudi Arabia, og støttar amerikanarane i "krigen mot terror", og Saudi Arabia i krigen mot Iran i Jemen.
Be om at Gud skal verna religionsfridomen i landet
Be om at dei kristne i landet skal vera dedikerte vitne om Jesus i kvardagen
Be om at dei flittig må lesa, læra og formidla Guds ord
Be om at kyrkjelydane skal vera fylte og prega av Den heilage ande
Be om at Guds rike skal gå fram i alle lag av folket, også mellom dei søkkrike