torsdag 7. desember 2017

Sambandsstatane (USA)

Folketal i 2017: 326 625 791   Areal: 9,8 mill km2. Hovudstad: Washington DC.
Folk: 58,1% med europeisk opphav (kaukasiske), 14,7% latinamerikanarar, 12,2% afroamerikanarar, 6,6% eurasiatar, 1,8% jødar, 1,6% frå aust-Asia. Berre 0.6% tilhøyrer dei gamle indianerstammene, som er USA sine urinnvånarar.
Språk: Engelsk. 34 mill har spansk som daglegspråk. Totalt blir det snakka 176 språk.

Økonomi: USA har verdas største økonomi. Landet rår over enorme naturrikdomar som kol, olje og naturgass forutan mineraler som jern, molybden, gull, sølv, kvikksølv, kalium, koppar, bly, uran, fosfor, bauxit, nikkel, for å nemna noko.

USA er ein høgt utvikla industrinasjon, og absolutt leiande innan teknologi og vitskap. Mykje av industrien har slite tungt dei siste åra, og særleg bilindustrien som ikkje har klart konkurransen med europeiske, japanske og koreanske bilar.

Landet er også ein leiande kulturnasjon, og då særleg innan film, TV-seriar og musikk. Gjennom multinasjonale selskap som Google, Apple og Micrsoft, bestemmer dei mykje av kva verdas folk skal vera opptekne av, tenkja og meina.

USA står for store deler av verdas matvareproduksjon. 44% av arealet er jordbruksareal fordelt på 17% åkerland og 27% beiteland. Enorme skogsområder i nord.

Topografi: Åslandskap i aust. Høgfjell i vest. Prærien ligg i mellom. Denne er gjennomvevd av elvar som tilhøyrer Missisippi-Misouri-sysemet.  Tilgang på vatn gjer desse områda dyrkbare. Ørkenlandskap i søraust. I vest trengjer Stillehavsplata seg inn under det amerikanske fastlandet og forårsakar landheving (Rocky Mountains), vulkanisme og stor jordskjelvsaktivitet.

Landet er ekstremt utsett for orkanar og tornadoar. Kvart år ser me store øydeleggjingar.

Landet er inndelt i 52 statar som har stor grad av sjølvstyre og sine eigne lovverk.
Politikk: USA vert føderalt styrt av ein kongress med to kammer, Representanthuset og Senatet. Presidenten har vide fullmakter, men må ha støtte i Kongressen for å vera effektiv.

Landet vart konstituert i 1776 då dei 13 koloniane i aust reiv seg laus frå England som  kolonimakt. Borgarkrigen frå 1860-64 var utarmande. USA intervenerte i 1. og 2. verdskrigen i Europa og sørga for at vestmaktene vann fram. Utan USA ville verda sett heilt annleis ut i dag, og me hadde lite truleg hatt eit levande demokrati i det heile tatt.

USA er også leiande innafor alt som handlar om romfart. Prestasjonane deira der er utan sidestykke.

Etter terroråtaka 11.september 2001, har USA leia kampen mot terrorisme i verda. Dette har ført dei ut i krigar i Afghanistan, Libya og Irak som har vore lite vellukka og svart øydande. Desse krigane har endra den globale politikken drastisk.
                    
79% av befolkninga har kristen tilknytning. 46,5% er protestantar. 20%  er katolikkar.  Mellom 90 og 100 mill er evangelikale kristne. Desse er eit resultat av ein uvanleg rik vekkjinghistorie.

Men det er sekularismen og ateismen som er det raskast veksande livssynet i USA no.


  • I USA lever 17% av verdas protestantar og 16% av alle evangelikale kristne. Det er 2000 teologiske institusjonar i landet som kvart år utdannar 30-50000 nye kandidatar som ynskjer å vinna menneske for Kristus og påverka verda med evangeliet. Be om at dette må halda fram og ta seg meir og meir opp. Be om at kyrkja skal foredlast, mognast, utrustast, multipliserast og veksa opp til Kristus, han som er hovudet for kroppen sin. 
  • Det er grunn til å takka Gud for den velsigning som har tilflote oss alle frå dette landet, for den enorme misjonsinnsatsen dei truande har stått for og framleis står for. Dei aller fleste misjonærar i verda kjem faktisk frå USA, og landet driv med omfattande hjelpe og utviklingstiltak i fattige og sårbare nasjonar. 
  • Den kristne arven har dei siste åra vore under knallhardt press frå ateistar og New Age-grupper som brukar media svært målretta for å latterleggjera og undergrava kristen tru og tanke. Be om at dei truande må frimodig halda fram med å forkynna evangeliet i kjærleik, og at Anden igjen skal ausast ut over folk og setja dagsorden for kva som er rett, godt og viktig og reinsa dei frå synd og urett av alle slag. 
  • Det renn ei gamal åre av valdsromantikk gjennom det amerikanske folket som resulterer i mykja våpenbruk og mange drap. Be om at dette skal stoppast i Jesu namn. 
  • Landet har ein svært liberal abortpraksis. Over to millionar barn vert drepne kvart år. Be om at denne uretten skal ta slutt i Jesu namn. 
  • Be om at presidenten i landet må oppføra seg forstandig, og at han må vera sannferdig og lytta til dei gode rådgjevarane sine. 
  • Be om at det skal veksa fram nye kristne leiarar i USA av stort format, leiarar som verkar samlande på dei truande. Det har vore enormt med kjøtleg strid og splitting mellom dei kristne, og det har verka åndeleg utarmande mange stader. 80% av kyrkjelydane i USA er anten i stagnasjon eller dei har tilbakegang. Be om at dette skal snu i Jesu namn. 
  • Be om at amerikanske styresmakter skal ta eit radikalt og reelt oppgjer med all den grove uretten europearane gjennom hundreåra har utøvd overfor dei mange indianske stammene, og utbetala heilt naudsynt erstatning. Be om at kristne må gå fremst i dette forsoningsarbeidet. 
  • Det er millionvis av muslimar, hinduar og buddhistar i USA som aldri har høyrt evangeliet om Jesus. Be om at kyrkja skal nå ut til dei, og at Gud skal berøra dei kraftig med sitt ord sin Ande. 
  • Be om at den misjonale disippelrørsla som no veks fram i USA, ikkje minst gjennom Exponentialrørsla, skal resultera i ny vekst i talet på kristne og i talet på kyrkjer. 


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...