Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Kjelder: CIA world factbook og Patrick Johnsones "Pray for the World"
Uruguay sin historie går attende til 1726 då spanjolane grunnla Montevideo som eit handellssenter verna av militære festningsmurar. Byen har ei lun hamn som eignar seg godt for utskiping av varer.
Vart sjølvstendig frå Spania i 1828, etter tre års frigjeringskrig.
Landet, som har i stor grad vore styrt av det militæret og autoritære krefter, fekk eit demokratisk styresett i 1985, etter mange års borgarkrig mot marxistiske grupper. Uruguay er i dag ein republikk styrt av ei sentrums-vensterregjering leida av presidenten, og folket nyt stor grad av fridom.
Folketal: 3 360 000. 88% kvite. 8% mestisar, 4% svarte. Det er ingen att frå den opprinnelege urbefolkninga. Dei vart effektivt utsette for etnisk reinsing då spanjolane braut seg inn i landet.
Topografi: Sletteland. Manglar fjell. Gjennomsnittshøgda er 109 meter. 88% jordbruksareal, det meste beiteland (pamapas). Sårbart for flaumar og kraftige vindar.
Næringsliv: Jordbruk. Gruvedrift. Uruguay er velståande og har eit utbygd sosialt tryggjingssystem.
Språk: Spansk.
47% av befolkninga tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Berre 2% går til messe.
7-8% er evangelisk kristne
Den trusretninga som veks snøggast i dag er afro-brasiliansk spiritisme.
Kristen tru og tanke har liten innflytelse over innbyggjarane i Uruguay. Religionen er blitt veldig privatisert, og kvar enkelt har ein tendens til å miksa sin eigen religiøse coktail sterkt influert aNew Age-tenkegods.
Sex utanfor ekteskap, abort, homoseksualitet, likekjønna ekteskap er blitt folkesynder. Hasjrøyking er svært utbreidd og har høg legitimitet.
Resultatet er høge tal for sjølvmord, depresjon og skilsmisse.
Dei siste åra har imidlertid ting begynt å snu i positiv retning. Målretta misjonsarbeid frå dei evangeliske har bore frukter, og talet på truande og på kyrkjelydar meir dobla seg frå 1998 til 2005.
Be om at innhaustinga skal halda fram, at nye truande vert disippelgjort til å vinna og fostra nye truande til å bli sanne disiplar av Jesus Kristus.
Be om at det skal etablerast levande kyrkjelydar i alle områder der det er naudsynt.
Be om at den gode Gud må senda sin Heilage Ande til Uruguay, bada landet i sitt lys, fri folket frå djevelens makt og attreisa kyrkja si som ein sterk forvaltar av Guds ord, full av kjærleik og himmelkraft.
Be om at dei truande også skal nå fram til øvre-middelklasse langs kysten som lever i materiell velstand men i djup åndeleg fattigdom.
Areal: 504783 km2
Folketal: 48 mill
Hovudstad: Madrid, nesten 6 mill. innbyggjarar.
Barcelona er nest største byen med 5,1 mill.
5,6 mill. immigrantar. 3 mill. er uregistrerte. Primært frå Nord-Afrika go Latin Amerika.
85,4% er spanske. Av desse er 53,2% kastilianarar og 17% er katalanarar.
Språk: Spansk, katalansk, gælisk, baskisk.
Totalt 21 språk. 14 innfødde.
Bibelspråk: 4 har GT og NT. 1 har NT, 3 har deler og 4 er under omsetting.
Finans: Hardt råka av finanskrisa i 2008. Ressesjon. Skyhøg arbeidsløyse i mange år. Økonomisk vekst dei siste fire åra.
Næring: Turisme, industri og jordbruk.
Politikk: Landet var ei verdsmakt i 3 hundreår frå 1492 då maurarane vart drivne ut av landet. På 15 og 1600-talet koloniserte Spania Mellom og Sør-Amerika. Spansk er av den grunn det tredje mest talte språket i verda. Landet gjorde seg rikt på utplyndring av koloniane sine der slaveriet var omfattande. Men imperiet rakna på 1800-talet. Det 19. og 20. hundreåret var prega av uro, borgarkrigar og diktatur. Diktaturet enda først i 1975 då general Franco døydde. I 1978 vart landet medlem av EU, og etter den tid har utviklinga eksplodert. Det har gått frå fattigdom til velstand, frå isolasjon til integrering, frå religiøs diskriminering til religionsfridom og toleranse.
Landet består av 17 autonome områder. Akkurat i desse dagar har Katalonia mista sjølvråderetten etter at dei røysta for lausriving frå Spania i ei svært omdiskutert folkerøysting. Landet er inne i den største krisa sidan krigens dagar.
Religion: Det er religionsfridom i dag, men den katolske kyrkja er totalt dominerande. Befolkninga bevegar seg raskt frå tradisjonell katolisisme til å bli ein sekulær stat.
Spania var heimlandet for Inkvisisjonen, og skuggane frå denne kyrkjelege rettsinnstansen som tok så mange millionar skuldlause menneskeliv kviler enno over nasjonen.
67% tilhøyrer den kristne trua. 9% er ateistar. 18% ikkje-truande, 2,4% er muslimar.
Det er 383000 protestantar i Spania. Det er 0,84% av folketalet.
Talet på kristne går ned, men talet på evangelisk kristne går opp. Det er snakk om 3% årleg vekst.
Spania er eitt av dei landa i verda som har dei største problema med narkotikamisbruk i befolkninga.
Gambling er eit kjempeproblem. Gjennomsnittleg går 15% av folks inntekter til gambling.
Seksuell umoral, prostitusjon og abort er store og veksande samfunnsproblem, og barn vert seksualiserte i stadig lågare alder.
Spania har den lågaste fertiliteten i verda. Det vert nesten ikkje fødde barn i landet lenger.
Be om at
landet kjem seg velberga gjennom den krisa det er inne i no
katalanarane ikkje tyr til vald
katalanarane og resten av spaniarane skal finna fram til gode samarbeidsformer som alle er nøgde med
katalanarane skal bli høyrt og få lov til å dyrka kulturen og språket sitt
alle dei evangeliske kristne som er komne inn i landet frå Latin-Amerika og frå europeiske land skal leva misjonale liv og etablera sterke og levande kyrkjelydar over heile landet.
at Gud skal vitja landet med sin Heilage Ande og frelsa folk ut frå sekularismen, materialismen og hedonismen som har utvikla seg med velstanden.
unge menneske må forstå at Jesus er Herre, at dei er syndarar og at dei må gje liva sine til han og tru på han for å bli frelst.
alle sanne kristne skal bli døypte i Guds kjærleik og kraft
Gud skal stoppa djevelske lærdomar som kjem inn i landet gjennom New Age og andre gudlause filosofiar og religionar
Jesus skal intervenera mellom dei narkomane og berga dei både frå syndene deira, frå djevelens makt og frå rus og avhengighet.
folk må slutta å gambla med pengane sine, og læra seg å stola på Gud og investera pengar i hans rike heller enn å spela dei vekk
Gud skal verna barn mot seksuelle overgrep og utnytting.
kvinner og menn skal sei ja til livet og nei til abort
Gud skal setja vern rundt barna i mors liv
folket skal bli gripne av lengsel etter å få barn igjen
kvinner og menn skal læra seg å leva i seksuell reinleik og truskap
forbanninga frå Inkvisisjonen skal brytast i Jesu namn, og at den katolske kyrkja skal ta eit oppgjer med dei historiske ugjerningane sine.
den katolske kyrkja skal fornyast etter nytestamentleg mønster
Den heilage ande skal ausast over landet og venda folks hjarto mot Gud. Landet har aldri opplevd nasjonale eller regionale åndelege vekkingar, og klimaet er tørrare enn nokon gong
dei evangeliske kyrkjene skal bli spanske og tapa sitt utanlandspreg.
kyrkjene skal få spanske leiarar av høgt format
dei kristne skal bli forsvarleg disippelgjort og utrusta til å vinna menneske for Gud. Av dei 8112 lokalsamfunna er det ei evangelisk kyrkje kun i 650 (2010).
folk skal finna fram til kristne radio og TV-program. Kristne driv 90 radiostasjonar og 30 TV-stasjonar.
folk skal finna fram til kristne internettsider som kan hjelpa dei å finna attende til Gud.
mange unge skal reisa på kristne leirar og lytta til Guds ord over tid og smaka på den kristne fellesskapen
Det er grunn til å takka Gud for Filadelfiarørsla mellom sigøynarane i landet. Denne starta i 1966. Dei tel i dag 200 000 truande.