onsdag 13. desember 2017

Usbekistan

447 400 km2
29 748 859 innbyggjarar. 80% usbekarar, som er eit tyrkisk folkeslag. 5,5% russarar. 5% tadsjikarar, som er eit persisk-medisk folkeslag. 
Hovudstad; Tashkent (2,2 mill)
Dei fleste menneska bur tett heilt i aust, i den svært fruktbare Ferganadalen. Elvar frå mektige fjell samlar seg i Ferganadalen og legg grunnlag for rik bomullsproduksjon. Her er den årlege folketalsveksten på 32%. Den berømte Silkevegen går gjennom dette lange dalføret. 
Dei sentrale delane av landet er øydemark. Heilt i vest ligg Aralsjøen. Den er halvveges tørrlagt pga irrigasjon i samband med at Josef Stalin bestemte at området skulle nyttast til bomullsproduksjon. Dette har skapt enorme miljøproblem. 
       
Landet er meir enn sjølvforsynt med olje og gass. Elles vert det vunne ut mange ulike verdfulle mieraler som gjev eksportinntekter.

Trass i store naturrikdomar, er folk flest fattige, og kjempar for å få endane til å møtast. Her er det enkeltpersonar som forsyner seg rått av inntektene, og korrupsjonen er høg. 

Landet vart okkupert av Russland seint på 1800-talet, og i 1924 innlemma i Sovjetunionen, men reiv seg laus og vart sjølvstendig nasjon i 1991 då Sovjetsambandet løyste seg opp. 

88% av befolkninga er muslimar. 9% ortodokse kristne. I 2010 var det 85000 evangelisk kristne i landet, men dette talet er nok høgare no. 
Det er strengt forbode å driva kristen misjon retta mot usbekarar. Den usbekiske kyrkja er ei undergrunnskyrkje som stadig er utsett for forfølging og trakassering. Likevel går evangeliet fram i landet, og dei truande er brennande og ivrige for Kristus. 

  • Be om at Usbekistan skal bli heilt gjennomsyra av evangeliet og transformert av Den Heilage Ande. 
  • Be om at dei truande skal ha tilgang på biblar, leva misjonalt og at nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort. 
  • Be om at dei truande skal bli verna mot overgrep, og at dei skal leva klokt og sterkt.
  • Be om at landet skal få rettferdige politiske leiarar som tener folket sine interesser, og ikkje sine eigne. 
  • Be om at folket skal få innsikt i korleis dei skal kunna løysa dei store miljøproblema som landet står overfor. Det er snakk om ørkenspreiing, vassmangel og forgiftning av jordsmonn pga kjernefysisk avfall frå atomkraftverka. 


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...