torsdag 8. juni 2017

Dagens unådde: Gujjar i Pakistan


Gujjarfolket tel over 3 millionar menneske, og har ein over tusen års dokumentert historie. Dei bur på den store Gangessletta, i Himalayaregionen og i dei austlege delane av Afghanistan. Dei er i all hovudsak bønder. Religion: Islam. Neppe ein einaste kristen mellom dei. Språk: Gujari og hindko. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg.

Herre Jesus! Du som seier at me skal forkynna di ære mellom nasjonane, og dine gjerningar mellom folkeslaga (1. Krøn. 16,24-25), gjer det klårt for kyrkja at tida no er komen for at det stolte Gujjarfolket skal få høyra evangeliet forkynt på sitt eige morsmål. Gjer deg kjent for dei. Løys dei frå alle lenker. Tal til dei. Gjer under mellom dei. Løft dei opp til deg. Me ber i ditt eige namn. Amen! 

Gujjars in Pakistan













onsdag 7. juni 2017

Dagens unådde: Tigre i Eritrea

 Tigrefolket i Eritrea tel 1 195 000 mennneske. 95% av dei er muslimar. 0,09% er kristne (0,05% evangeliske). Dei snakkar tigre. Heile Bibelen var ferdig omsett til tigre i 1988. Tigrefolket er anten seminomadar eller bønder. Dei ætta opphaveleg frå Egypt, noko som også kroppsfasongen avslører: Dei er høgreiste, har smale naser og lys brun hud. Det var på 1800-talet dei under innflyting frå arabiske misjonærar, konverterte til islam. I dag praktiserer dei "folkeislam" som er ei blanding av islam og den gamle naturreligionen deira der det er vanleg å driva med dyreofringar for å blidgjera åndene. Dei trur på ei mektig vond ånd som dei kallar Zar. Zar tek bustad i folk og forårsaka ulukke og død. Dei trur at den einaste som kan hjelpa dei mot denne vondskapen er shamanen som kurerer folk og driv åndene ut av dei.

Gode Herre Jesus Kristus! Tigrefolket i Eritrea lever i stummande mørker, og me ber om at du, som er verdas lys, også skal lysa opp deira liv. Løys dei i ditt namn både frå islam og shamanismens lenker, og gje dei den kjærleiken som driv ut all frykt. Gjer tigrefolket til eit kristent folk, ein folk som i sanning er disippelgjort, eit lys for alle på Afrikas Horn. Amen!  


tirsdag 6. juni 2017

Lampung Pesisir i Indonesia


Folketal: 548000. Religion: Islam (Sunni Shafi`i.). 
Lampung er namnet på regionen dei bur i, søraust på Sumatra. 
Pesisir tyder: "Vakta æra di framfor alt anna." 
Dei er stort sett bønder. Folket er opne og gjestfrie av natur, elskar store familiar, og brukar gjerne store summar på tradisjonelle ritualer og festar. 
Språk: Lampung Api. 
0,1% av dei er protestantiske kristne.

Kjære gode Gud og Far! Me ber om at tida no er komen då pesisirfolket skal innlemmast i din store familie. Må lyset ditt fløyma inn over hjarto deira slik at dei forstår at dei ikkje kan reinsa seg sjølve frå synd med hjelp av ritualer og gode gjerningar, men berre ved å tru på Sonen din Jesus Kristus som døydde for dei og stod opp for dei, og hjelp dei å forstå at forlating for syndene utelukkande er å finna i han. Hjelp dei truande kristne pesisirane å halda saman i sterke fellesskap. Styrk dei med din Ande, fyll dei og utrust dei til å kunna kanalisera dine forvandlande krefter inn i kulturen sin. Amen!


mandag 5. juni 2017

Kristen pakistansk kloakkarbeidar omkom etter arbeidsulukke. Muslimske legar nekta å undersøka og behandla han.



Irfan Masih var kloakkarbeidar i Sindh, 300 km frå hamnebyen Karachi. I Pakistan er det kristne av låg kaste som har slike jobbar.  Irfan og arbeidslaget hans skulle opna eit tett røyr. Dette hende 1.juni. Giftige gassar seiv imidlertid ut i kommen dei jobba i. Alle tre fall i koma, men vart berga opp av ein fjerde person før dei vart sende til sjukehus, men ingen ville ta i dei før dei var vaska reine. Grunngjevinga var at legane fasta, det er Ramadan for tida, og at dei ved å røra ved ureine kristne, meinte at verdien av fasta vart forringa. I alle fall. Irfan Masih fekk ikkje den behandlinga han skulle ha tidsnok, og døydde. Legane er no melde til politiet, og det er retta sak mot dei for tenesteforsøming.

Kristne i Pakistan vert sett på som annanrangs borgarar og er utsette for religiøs apartheid. I mange situasjonar er dei heilt rettslause.

Irfan Masih hadde ikkje eigen familie. Han budde heime hos foreldra sine. Han vart 35 år gamal.

Gode Gud og Far! Gje foreldra til Irfan Masih all den trøyst dei treng i sorga etter sonen sin. Kom med ditt nærvær til dei. Fyll dei med fred! Styrk dei mektig med Anden din. Hald dei oppe med di rettferds høgre hand. Gje dei alt dei treng av livsnaudsynte ting. Må dei legane som forsømte seg bli stilt til ansvar og straffa for dette. Vidare ber om at diskrimineringa og forfølginga av kristne i dette landet skal ta slutt, og at alle menneske skal ha like rettar i dette landet. Styrk kyrkja di i Pakistan, fyll henne med din Ande og gjer henne heilt uimotståeleg, erobrande og sigrande. Amen!

Zhugqu i Tibet


 Zhugqufolket i Tibet utgjer i følgje joshuaproject.net  48000 menneske. Dei flykta inn i fjellheimen frå krig og redsler under det kinesiske Songdynastiet på 1100-talet. Zhugqu bur i bratte skrentar der terrassegolvet utanfor eitt hus er taket i naboen sitt. Når det gjeld tru og religion, blandar dei buddhisme og polyteisme. Særleg dyrkar dei guden over dei store fjella. Dette folket er totalt unådd. Språket deira heiter kham. Bibeloversetting eksisterer ikkje. Ingen zhugqut veit at Jesus nokon gong har levd, ei heller at det finst noko som heiter kristendom i verda.

Gode Gud og Far for alt som vert kalla barn i himmel og på jord. Du elskar alle desse bortkomne sauene av ditt hus. Dei ligg deg på hjarta. Legg dei også på våre. Send arbeidarar ut til din haust i zugqufolket. Herre Jesus Kristus! Du har teke bort syndene deira ein gong for alle. Må dette bli kunngjort for dei slik at dei kan venda om og koma til Far utan kjensle av skam eller skuld. Heilag Ande! Du som gjev liv, kraft og glede til alle menneske. Kom til zugqufolket. Opplys dei, kall dei, døyp dei, fyll dei med deg sjølv og gje dei nytt liv ved trua på Jesus Kristus. Løys dei frå demoniske makter som held dei bundne i mørke hol. Før dei ut i dagen, slik at dei kan fryda og gleda seg i Gud. Amen!



søndag 4. juni 2017

Makassar i Indonesia

Makassar er eit stort folk på 2 326 000 menneske som lever sør på Sulawesi. Dei er muslimar, men dei blandar gjerne gamle animistiske førestellingar og praksisar inn i trua si. Makassar snakkar sitt eige språk. 1 % av dei er kristne. Heile Bibelen er tilgjengeleg på Makassar. Når det gjeld næring, er dei risbønder og handelsfolk. Polygami er akseptert, men kun praktisert av dei rike. Makassar er ein ekstrem æreskultur. Den som fornærmar ein makassar risikerer å bli drepen. Her er det ingen nåde. 

Me ber i dag, på sjølve pinsedagen, at du skal ausa din Ande over makassarfolket, etter ditt ord i Joel 3. Må dei truande i dette folket erfara pinsens kraft i liva sine, og frimodig gå ut og forkynna evangeliet for frendane sine medan du rettar ut di hand og let under og teikn skje som stadfester ordet ditt og bevisar for dei at du Jesus er Guds Son, den einaste Sanninga og den einaste vegen til Far. Du er ein Gud som bøyer stolte sinn. Bøy makassarfolket til deg og gje dei å venda om frå stoltheit og løgn, ta ut steinhjarto deira og gjer dei til elskande, tilgjevande og levande menneske. Amen!

fredag 2. juni 2017

Tianba Nosu i Kina

Tianba er èi av mange nosu-stammer. Dei lever i Sichhuanprovinsen norvest i Kina. Det er 107000 av dei. Tradisjonelt var tianba eit fælsleg krigarfolk, men dette har med tida endra seg. Språket dei snakkar er nuoso. Dei er animistar og polyteistar. Det er ingen registrerte kristne i tianbafolket. Dei ventar framleis på Jesus. Det nye testamentet er oversett til nuoso. 

Herre Jesus! Slik du ein gong kom , som det inkarnerte ordet frå Gud, til verda for å frelsa oss alle frå våre synder, kom no til tianbafolket gjennom det forkynte ordet slik at dei også kan nyta godt av ditt fantastiske frelsesverk. Kall og driv kristne kinesarar til å slå seg ned saman med tianbafolket, læra språket deira og promotera ditt ord i denne kulturen. Aus Anden din utover dei og lat under og teikn skje når dei ber i ditt namn. Me ber om at det snarleg skal etablerast ei levande tianbakyrkje som di kraft kan strøyma gjennom til alle i folket, og til andre folk i det området dei bur i. 


Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...