- Takk Gud for ein fantastisk vekst for evangeliske kyrkjer dei siste tiåra. Det er innhaustingstid i Brasil.
- Brasil er blitt ein av dei nasjonane som sender ut flest misjonærar til andre land. Takk Gud for denne misjonsrørsla, og be om at brasislianske misjonærar skal få tena i Guds kraft.
- Be om at elden breier seg til alle lag av folket, også til overklassen som lever isolert og utilgjengeleg for vanlege folk.
- Be om at dei evangeliske kyrkjene vert meir medvitne i å syna omsorg for fattige og lidande. Kyrkjene treng å etablera sosiale program for å reflektera Guds hjarta på ein truverdig måte.
- Be om at menneskehandel knytt til prostitusjon og narkotikatrafikk skal ta slutt, at vonde menneske skal bli stoppa i dei vonde planane sine.
- Be om utfriing og nytt liv for dei mange narkomane.
- Be om eit oppgjer med promiskuiteten, og at folket skal elska Guds bod og læra seg å leva reint på det seksuelle området. HIV/AIDS er svært utbreidd i Brasil.
- Be om at korrupsjon og uærlegdom skal ta slutt i politikk og næringsliv, at Guds Ande skal læra brasilianarane å elska sanninga og hata løgna.
- Be om Guds nærvær og vern over alle gatebarn i dei store byane
- Be om at det høge aggresjons og valdsnivået i samfunnet skal bli redusert, og om Guds fred til menneska.
- Be om at flaumen av kriminalitet som pregar samfunnslivet skal ta slutt, at evangeliet skal omforma menneska slik at dei elskar rett og rettferd
- Be om at Guds rike skal koma, at Guds vilje skal skje og at Brasil vert velsigna med godt leiarskap som kjenner vegen til det gode for folket.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 15. mars 2013
Brasil
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India
Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne. Dei snakkar hindi, og er hinduar. Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...

-
Det er VG-direkte som melder om dette i dag. 20 menneske skal vera skadde. Quetta ligg ikkje så landt frå grensa til Aghanistan. Be om a...
-
Kart og kjelde: joshuaproject.net Dewarfolket lever aust i India. Dei tel 1142000 menneske. Språket dei snakkar kallast odia. 99,75% er hind...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar