onsdag 8. august 2018

Kirgisistan

Sentralasiatisk fjelland (med toppar på over 7000 meter) med 6 millionar innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 32 språk. Landet grensar mot Kina, Usbekistan, Tadsjikistan og Kasakstan.
Hovudstad er Bisjkek.
Kirgisistan var historisk lenge undertrykt av Russland, og vart i 1926 ein sovjetrussisk republikk.
Vart sjølvstendig i 1991 då heile Sovjetunionen gjekk i oppløysing.
Kirgisarane er i hovudsak bønder som produserer kveite, sukkerrøyr, poteter, bomull, tobakk, grønsaker og frukt. Ull, kjøt og mjølkeprodukt er også viktige varer.

91 % av befolkninga er sunnimuslimar. 5,5% er kristne. 0,7% evangeliske. Dei fleste kristne er russisk ortodokse. Muslimane har liten kunnskap om eigen religion, og i kvardagen praktiserer dei gjerne shamanisme, fedredyrking, hekseri og spådomskunst. Dei, som mange andre folk i denne regionen, prøver å gjennom ulike remedier å verna seg mot "det vonde auga", noko som eg har sett mykje av mellom tyrkarar og iranarar.

Kirkgisistan har store økonomiske og sosiale problem. Korrupsjon, fattigdom, alkoholisme, narkotikamisbruk, prostitusjon, gambling og trafficking er svært utbreidde fenomen. Dei fattige, gamle og funksjonshemma lever i ytterst elendige kår. Mange kirkisarar emigrerer til Russland i håp om eit betre liv der. Dette gjeld særleg slaviske folk med ortodoks bakgrunn.

Etter at landet vart sjølvstendig i 1991 vart det sett inn ein betydeleg evangelisk misjonsinnsats som bar gode frukter. Dette kom til vekkja den sovande draken, og dei kristne vert skremde, får eigedomar øydelagde og kan bli utsette for fysisk vald. Det er innskrenka mulegheit i dag for å driva misjon i landet.

Alle folkeslag i Kirgisistan må reknast som i praksis unådde. Bibelen er omsett til dunganspråket (eit prosjekt Kristkyrkja på Stord var involvert i gjennom det som då var Norsk Misjon i Øst), men elles er det trong for mykje innsats på det området.


  • Be om at lyset frå evangeliet skal fløyma over dette landet og opplysa kvart einaste menneske
  • Be om at alle folkegrupper i landet skal få høyra om Jesus på sitt eige språk.
  • Be om at Gud skal lækja landet og bryta ned djevelens festningsverk i folks sinn, i kulturen og politikken, og løysa dei frå demoniske makter som held dei bundne til islam og okkulte praksisar. 
  • Be om ærlege, kloke, kunnskapsrike og rettenkande leiarar
  • Be mot korrupsjon, nepotisme, maktmisbruk, grådighet, prostitusjon, trafficking og fattigdom.
  • Be om rettferdig fordeling av godene i landet      
  • Be om gode avlingar og attreising av økonomien
  • Be om at landet igjen skal opna seg for kristen misjon

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...