Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Regjeringa treng mot, ressursar og til og med mirakel for å få orden på økonomien og samfunnet. Regima som kom etter kommunismen har til no berre ført med seg meir korrupsjon, kriminalitet og fattigdom. Mange folk flyttar frå landsbygda til byane, noko som fører til store slumområde i Bisjkek. Andre reiser ut av landet for å finne arbeid. Be om at kristne må finne gode, lovlege jobbar. Høge tal på alkoholisme, narkotikahandel, spel og prostitusjon skaper store utfordringar. Dei fattige, eldre og funksjonshemma lir mest.
Kjelde: Operation World
Be om at truande kan møte desse utfordringane, og påverke samfunnet og økonomien på ein positivmåte.
Sentralasiatisk fjelland (med toppar på over 7000 meter) med 6 millionar innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 32 språk. Landet grensar mot Kina, Usbekistan, Tadsjikistan og Kasakstan.
Hovudstad er Bisjkek.
Kirgisistan var historisk lenge undertrykt av Russland, og vart i 1926 ein sovjetrussisk republikk.
Vart sjølvstendig i 1991 då heile Sovjetunionen gjekk i oppløysing.
Kirgisarane er i hovudsak bønder som produserer kveite, sukkerrøyr, poteter, bomull, tobakk, grønsaker og frukt. Ull, kjøt og mjølkeprodukt er også viktige varer.
91 % av befolkninga er sunnimuslimar. 5,5% er kristne. 0,7% evangeliske. Dei fleste kristne er russisk ortodokse. Muslimane har liten kunnskap om eigen religion, og i kvardagen praktiserer dei gjerne shamanisme, fedredyrking, hekseri og spådomskunst. Dei, som mange andre folk i denne regionen, prøver å gjennom ulike remedier å verna seg mot "det vonde auga", noko som eg har sett mykje av mellom tyrkarar og iranarar.
Kirkgisistan har store økonomiske og sosiale problem. Korrupsjon, fattigdom, alkoholisme, narkotikamisbruk, prostitusjon, gambling og trafficking er svært utbreidde fenomen. Dei fattige, gamle og funksjonshemma lever i ytterst elendige kår. Mange kirkisarar emigrerer til Russland i håp om eit betre liv der. Dette gjeld særleg slaviske folk med ortodoks bakgrunn.
Etter at landet vart sjølvstendig i 1991 vart det sett inn ein betydeleg evangelisk misjonsinnsats som bar gode frukter. Dette kom til vekkja den sovande draken, og dei kristne vert skremde, får eigedomar øydelagde og kan bli utsette for fysisk vald. Det er innskrenka mulegheit i dag for å driva misjon i landet.
Alle folkeslag i Kirgisistan må reknast som i praksis unådde. Bibelen er omsett til dunganspråket (eit prosjekt Kristkyrkja på Stord var involvert i gjennom det som då var Norsk Misjon i Øst), men elles er det trong for mykje innsats på det området.
Be om at lyset frå evangeliet skal fløyma over dette landet og opplysa kvart einaste menneske
Be om at alle folkegrupper i landet skal få høyra om Jesus på sitt eige språk.
Be om at Gud skal lækja landet og bryta ned djevelens festningsverk i folks sinn, i kulturen og politikken, og løysa dei frå demoniske makter som held dei bundne til islam og okkulte praksisar.
Be om ærlege, kloke, kunnskapsrike og rettenkande leiarar
Be mot korrupsjon, nepotisme, maktmisbruk, grådighet, prostitusjon, trafficking og fattigdom.
Be om rettferdig fordeling av godene i landet
Be om gode avlingar og attreising av økonomien
Be om at landet igjen skal opna seg for kristen misjon