Dette er ei heller lita muslimsk folkegruppe som i følgje joshuaproject,net tel 282000 menneske. Dei lever kystnært aust i landet og livnærer seg av fiske og jordbruk. Dei snakkar sitt eige språk. Deler av Bibelen føreligg på iranun. Trua deira er ein miks av islam og animisme. Ingen kristne er registrert.
Gode Gud og Far! Du er den rette far for iranunfolket på Filippinane. Men enno kjenner dei ikkje deg, og eg ber:
Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som
introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev
dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst
gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse
i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder,
og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå islams
og animismens mange åndsmakter.
Løft
folket ut av fattigdom, og styrk deira sosiale posisjon i samfunnet. Hjelp
familiane å vera gode mot kvarandre og eg ber om samhald, truskap og kjærleik i
heimane. Eg ber også om at alle vaksne
skal leva edrueleg og ansvarleg. No ser eg fram til at iranunfolket
kal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og
dynamisk iranun-kyrkje som kan kan formidla
deg til folket sitt på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar